DS «Bergen» (1852)

norsk hjuldampar
Karriere  Noreg
Namn: Hjul-DS «Bergen»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Thomas Toward i Newcastle
Byggekostnad: 10 000 pund
Sjøsett: 1852
Jomfrutur: 15. februar 1853
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JHPQ
Lagnad: Forliste 1871
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 467 bruttoregistertonn
Lengd: 56,7 m
Breidd: 7,1 m
Djupgang: 4,5 m
Installert effekt : 70 NHk
Framdrift: Oscillerande dampmaskin med skovlhjul
Fart: 13 knop
Passasjerar: 56 passasjerar

DS «Bergen» er ein hjuldampar bygt i 1852 som det første skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab.

Bakgrunn endre

Bergenske vart skipa med Michael Krohn i spissen i 1851 for å drive rutefart frå Bergen til Hamburg. Krohn sende kaptein Jacob Rieck Ege til Hamburg og England for å skaffe eit skip. Krohn ønskte i utgangspunktet eit skrueskip, altså eit skip med propell, men resten av direksjonen i selskapet føretrekte ein hjuldampar. Ege kom i januar 1852 i kontakt med Thomas Toward i Newcastle.

Historie endre

Av ein eller annan grunn gjekk verftet med på at skipet skulle leverast alt 25. juli 1851, men vart ein god del forseinka og først i november 1852 utførte «Bergen» dei første prøveseglingane på elva Tyne. Bergenske søkte først om erstatning for foreseinka, men gav avkall på kravet då Toward døydde kort tid etter.

Fredag 3. desember 1852 glei «Bergen» inn på Vågen i Bergen til salutt frå Bergenhus festning. Skipet var bygt med eit halvdekk akter slik at 1. klasse fekk ekstra god takhøgd. Salongen akter vart bygd i mahogni med forgylte lister og møblane var trekte i fløyel. Skipet hadde plass til 40 passasjerar på 1. klasse og hadde 16 opne køyer på 2. klasse.

På grunn av is på Elbe opp til Hamburg, måtte «Bergen» vente med den første turen dit. I staden vart ho tinga til å slepe DS «Bjørgvin» frå Sognefjorden til Bergen. 15. februar 1853 la «Bergen» ut på jomfrureisa si til Hamburg via Stavanger og Kristiansand. Ruta skulle gå to gonger i månaden og vart raskt populær med mykje gods og passasjerar. Økonomisk gjekk det så godt at Bergenske såg seg om etter eit skip til og Ege vart på ny send til England. Her tinga han DS «Norge» som vart levert i november 1854 og sett inn i same ruta som «Bergen». I 1856 vart nok eit skip tinga, DS «Nordstjernen» med tanke på å utvide ruta til Trondheim for dei tre skipa.

Kl. 0020 den 10. september 1855 gjekk «Norge» ut frå Kristiansand på veg til Hamburg under kaptein Hans Ibsen. Vêret var roleg og sikta var god, og dei fleste passasjerane var gått til køys. Halvvegs mellom Odderøya og Oksøya var «Bergen» på veg inn, og ville passere på babord side. Då dei nesten var i ferd med å passere kvarandre kommanderte losen på «Bergen» å styre «hardt babord», og ho skar så baugen inn i sida på «Norge». Etter 15 minuttar gjekk «Norge» ned og 40 menneske mista livet. Dette var den første store dampskipkatastrofen i landet. I sjøforklaringa etter forliset fekk «Norge» all skuld og kaptein Ibsen vart dømd til 160 dagar i fengsel.

I 1856 vart Hamburgruta utvida til Trondheim og då DS «Jupiter» vart levert same året, vart «Bergen» reserveskip på Hamburgruta. Når det ikkje segla her, vart det sett i rute mellom Bergen og Oslo. Utover i 1860-åra vart rutene til Bergenske styrkt med fleire nybygg og ruta vart utvida nord til Vardø. Samstundes vart gamle «Bergen» avløyst av DS «Kong Carl» og sett inn i ruta frå Bergen til Oslo.

8. oktober 1871 grunnstøytte «Bergen» utanfor Mandal. Nokre dagar seinare knakk skipet i to og sokk.

Ruter endre

  • 1853-1855: Bergen-Stavanger-Kristiansand-Hamburg
  • 1856-1868: Trondheim-Bergen-Stavanger-Kristiansand-Hamburg
  • 1868-1871: Bergen-Oslo

Kjelder endre