Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Æser».

Æsene (norrønt æsir), eintal ås (norrønt áss eller ǫ́ss) er gudeætti flestalle av norrøne gudom høyra til. Åsgard fekk namn etter deim. Gydjone hjå åsom ero kalla åsynjor. Nyheidi dyrking av æser kalla me åsatru, men upphavleg likna det meir ovtru eller folketru med stadbundne avbrigde.

OdinSleipne i lag med andre skapningar på Tangelgardasteinen.

Oden er kong yver åsom, men Tor er truleg honom som folket dyrka mest. Der ero mange spanande og løgjelege sogor um Tor, medan Oden gjerne vert skildra i dikt som ein utklædd ferdamann som sit på eller søkjer kunnskap.

Æsene lùto slåst med vònom, som er ei onnor gudeætt. Detta kann minna um striden åt dei olympiske gudom mot titanom i gresk gudelæra. Dei tvo gudelærone hava andre likskapar mèd.

Namn endre

Namnet ås med mangtalsformi æser kjem frå norrønt áss og æsir. Eintalsformi áss er ei nyare form av ǫ́ss der rotsjølvljodet er jamna ut med eigefallsformi áss. Den upphavlege roti hev gjeve namn til Oslo (norrønt Ósló).[1] På frumnorderlendsk var formi truleg *ãnsu-.[1] Ordet fekk seinare u-ljodbrigde med u-burtfall som fylgja av synkopetidi. Utfallet var ǫ̃́s-, der ǫ̃́-en er ein nasal lang a etter u-ljodbrigde. I høve der denne formi heldt seg hev ǫ̃́ vorte ó. Jf. namnet *ãnulaiba- > Olav, Oleiv, der *ãnu- ‘forfar’ fekk eit liknande utfall.

Bøygjingi av áss
eintal mangtal
nemnefall áss ássinn æsir æsirnir
underfall ás ásinn æsi æsina
sidefall æsi æsinum ásum ásunum
eigefall áss ássins ása ásanna

Kjeldor endre

  1. 1,0 1,1 «Oslo» i Norsk stadnamnleksikon