Ordstamme

(Omdirigert frå Ordstomn)

I morfologien er stammen til ei ordform den delen som er felles for fleire av eller alle ordformene i bøyingsparadigmet. Som regel er stammen det som er igjen av ordet dersom ein tek vekk bøyingsaffiksa.

Døme endre

To norske døme endre

Paradigmet til det norske substantivet HEST er eit greitt og uproblematisk døme; det er sett inn ein bindestrek mellom stammen hest- og bøyingssuffiksa:

  • Substantivet HEST
    • hest (eintal, ubunden)
    • hest-en (eintal, bunden)
    • hest-ar (fleirtal, ubunden)
    • hest-ane (fleirtal, bunden)

I dømet HEST er stammen lik den ubundne eintalsforma, og dette er regelen ved såkalla "sterke" substantiv på norsk. Ved "veike" substantiv svarar ikkje stammen til nokon av bøyingsformene, sidan alle har eit bøyingssuffiks. Eit døme er substantivet HOPPE:

  • Substantivet HOPPE
    • hopp-e (eintal, ubunden)
    • hopp-a (eintal, bunden)
    • hopp-er (fleirtal, ubunden)
    • hopp-ene (fleirtal, bunden)

På mellom anna engelsk finst det så å seie alltid ei bøyingsform som er lik stammen utan tillegg. Ved substantiv er det eintalsforma, jf book (eintal) mot book-s (fleirtal). På mellom anna latin er hovudtendensen at stammen ikkje førekjem aleine utan bøyingssuffiks.

Eit tysk døme endre

I paradigmet til det tyske verbet SPIELEN 'spele' finst det ikkje berre bøyingssuffiks, men i perfektum partisipp også bøyingsprefiks:

  • Det tyske verbet SPIELEN 'spele'
    • spiel-en (infinitiv)
    • spiel-t (presens, indikativ, 3sg)
    • spiel-te (preteritum, 3sg)
    • ge-spiel-t (perfektum partisipp)

Stamme versus rot endre

Ei stamme som ikkje kan delast opp i mindre morfologiske element, er ei rot, slik som hest- og hopp over. Mange stammer inneheld ei rot pluss eitt eller fleire avleiingsaffiks. Eit døme er substantivet FJORDING; vi har sett teiknet · mellom rota fjord av avleiingssuffikset ing:

  • Substantivet FJORDING
    • fjord·ing
    • fjord·ing-en
    • fjord·ing-ar
    • fjord·ing-ane