Hn/Moster

øy sudaust i Bømlo herad i Sunnhordland
For moster i tydingi «mor-syster», sjå tante
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Moster».

Moster er ei øy sudaust i Bømlo herad i Sunnhordland på 12 km2. Røyksundkanalen skil Moster frå øyi Bømlo. Moster var eit eige herad fram til 1963, då det vart slege saman med Bremnes og Bømlo herad. Det var på Moster kong Olav Tryggvason byrja freistnadene på å kristna Noreg, og etter tradisjonen skal han ha reist den fyrste kyrkja i landet her i 995. Moster gamle kyrkja som stend i dag, reknar ein med er frå kring 1150, og ho vert haldi for å vera eldste kyrkja i landet. Gamlekyrkja ligg i tettstaden Mosterhamn.

Det var på Mostratinget på Moster i 1024 kong Olav den heilage og bisp Grimkjell sette den sokalla kristenretten - eit tingvedtak som sidan vart teke ved på dei ymse lagtingi, og dimed gjorde kristendomen til statsreligion i Noreg.

Det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (òg kalla Mostraspelet) av Johannes Heggland hev sidan 1984 vorte sett upp i Moster amfi. Handlingi i dette stykkjet sviv kring desse hendingane på vegen til kristningi av Noreg. I 1995 var det ei storstilt høgtiding av tusundårsjubiléet for kyrkja i Noreg i samband med Mostraspelet.