Hoggormfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Lepidosauria
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Underorden: Serpentes
Infraorden: Alethinophidia
Parvorden: Caenophidia
Familie: Hoggormfamilien Viperidae
Oppel, 1811

Hoggormfamilien (vitskapleg namn Viperidae) er ein familie av giftslangar med over 200 artar.

Hoggormane lever i mange ulike klima, og toler kulde betre enn dei fleste andre slangar. Nokre av artane finst i ørkenområde med kalde vintrar, andre lever høgt til fjells, og nokre kan til og med leva nord for polarsirkelen.

Alle hoggormane er giftige, men kva gifta består av varierer mellom artane. Vanlegvis inneheld ho protein som bryt ned blodcellene og fører til indre blødningar i offeret. Gifta verker ganske seint samanlikna med gifta til andre slangar.

Den einaste arten i hoggormfamilien som lever vilt i Noreg er vanleg hoggorm (Vipera berus). Blant slangane i familien finn me også klapperslangane, dei afrikanske gaboon-viperane og puffadderane, og Russels hoggorm.

Slekter endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hoggormfamilien