Berleneset

Berleneset tilhøyrer bygda Berlebremangerlandet i Bremanger kommune, det blir på folkemunne kalla Nesalandet. Det er eit langstrekt nes som tek til i Berlevågen og strekk seg innover Berlepollen på eine sida, og Frøysjøen på andre sida.

Berleneset
stad
Berleneset.jpg
Berleneset sett frå Berle
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Postnummer 6727 Bremanger
Innbyggjarnamn Berlar
Preposisjon Berleneset

Mellom 1973 og 1998 gjekk MS «Opstad» irute mellom Berle og Måløy, og var ei viktig transport og ferdsels -rute med to stopp for dag på Berleneset. Rutebåtane kunne ikkje leggja til kai i Berle før 1956 då ei mudra renne (4,5 m) inn ytste delen av pollen vart teken i bruk. M/S «Hornelen» var det fyrste skipet som la til kai den 06. desember 1956. Tidlegare var Berle ein stjernestopp (stopp ved lyssingal) og ein kunne ro ut i Frøysjøen for påstiging.

i 2001 var det ferdigstilt veg langsmed Berlepollen, med tunnel igjennom blåhammaren, som vart påkopla fylkesveg 575 nær utgangen av Berleporten inst i Berlepollen.

På Berleneset er det ein mykje nytta tursti som fører opp til Hornelen (860moh), og det er tilrettelagt for parkering.

BakgrunnsstoffEndra