Opna hovudmenyen
Jordfresar.
Nærbilete av rotoren på ein jordfresar.

Jordfresar er ein jordbruksmaskin med ein roterande aksling med L-forma knivar, montert i trepunktsopphenget og driven frå kraftuttaket på ein traktor. Turtalet til rotoren varierer frå 125 til 500 O/min, men 250 til 350 o/min er mest vanleg [1]. Standard turtal på kraftuttaket er 540 eller 1000 o/min, så mange jordfresarar har girkasse med fleire hastigheiter. Jordfresarar krev stor effekt og dei fleste vert drivne med 1000 o/min på kraftuttaket, som er det vanlege på større traktorar. Arbeidsbreidda varierer frå rundt 0,5 m for små sjølvgåande fresar til over 6 m for store maskinar. Arbeidsdjupna vert justert med djupnehjul eller meiar.

Jordfresarar vert nytta for å knusa torv og jordklumpar og for å blanda kalk og naturgjødsel med jorda. Dei høver godt på myrjord og kan i nokre høve erstatta pløying og horving. På steinrik jord høver dei ikkje så godt. Maskinane er kostbare, krev stor effekt og har høge driftutgifter.

MotorhakkerEndra

 
Honda motorhakke.

Motorhakker er små sjølvgåande jordfresarar som vert nytta innan hagebruk og i drivhus. Motorhakker har ikkje så høgt turtal som traktormonterte jordfresarar og er meir å rekna for roterande hakker. Dei vert drivne framover av rotoren. Små jordfresar for tohjulstraktorar er òg meir å rekna som roterander hakker enn som jordfresarar.

ReferansarEndra

  1. Bell, B., Farm machinery, Farming press, 4. utg., 1996.