Huang Zhihong (fødd 7. mai 1965) er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar og verdsmeister i kulestøyt frå Lanxi i Zhejiang. Ho vann gullmedalje i øvinga i VM 1991 og 1993 og tok sølvmedaljen under OL 1992 i Barcelona. Huangs personlege rekord på 21,52 meter er frå 1990.

Huang Zhihong
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 7. mai 1965 (58 år)
Lanxi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Asialekene 1990, Asialekene 1986, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Huang vann kuletevlinga for kvinner ved Asia-leikane 1986 og enda på åttandeplassen under Sommar-OL 1988 med 19,82 meter. Ved innandørs-VM 1989 vart ho nummer to med 20,25 meter i sluttprotokollen.

I den kinesiske friidrettsmeisterskapen 1990 i Beijing nådde Huang heile 21,52 m, hennar livs lengste kulestøyt. Ved asiameisterskapen same sesongen kom ho på andreplass. Året etter fekk ho ein ny sølvmedalje ved innandørs-VM etter ha prestert 20,33 meter, landskvinna Sui Xinmei vann gullet. Under verdmeisterskapen 1991 i Tokyo gjekk derimot Huang Zhihong heilt til topps med sine 20,83 meter, over halvmeteren lengre enn verdsrekordhaldar Natalja Lisovskaja på sølvplass.

Ved dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992 målte Huangs bestestøyt 20,43 meter. Ho var likevel sjanselaus mot russiske Svetlana Kriveljova som sette personleg rekord med 21,06 m, men ho sikra seg sølvmedaljen. Året etter bytte dei to plass på sigerspallen ved friidretts-VM i Stuttgart, Huang støytte kula i veg 20,57 m, 60 centimeter lengre Kriveljova.

To år seinare fekk Huang sølvmedaljen ved friidretts-VM 1995 i Göteborg då ho presterte 20,04 m, tyske Astrid Kumbernuss vart suveren verdsmeister med 21,22 meter. Ved VM i friidrett 1997 avslutta Huang den internasjonale karrieren med ein fjerdeplass, åtte centimeter for kort til å ta frå tyske Stephanie Storp bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre