Astrid Kumbernuss

Astrid Kumbernuss (fødd 5. februar 1970) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Grevesmühlen som representerte Aust-Tyskland og seinare Tyskland i kulestøyt. Ho vart europameister 1990, verdsmeister 1995, 1997, 1999 og olympisk meister 1996.

Astrid Kumbernuss
Fødd 5. februar 1970 (51 år)
Grevesmühlen
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Kumbernuss vann gullmedaljen i EM 1990, hennar fyrste store seniormeisterskap, med eit støyt på 20,38 meter. Dei neste åra presterte ho på eit lågare nivå, men var ganske nær ved å forsvare EM-tittelen då ho i Helsinki i 1994 fekk sølv.

Frå 1995 til -99 var Kumbernuss den dominerande kulestøytaren i verda. Ho vann tre VM-gull på rad, 1995, 1997 og 1999 og inn i mellom desse triumfane sikra ho seg kulegullet ved dei olympiske sommarleikane i Atlanta i 1996. Særleg imponerte ho ved VM 1995 i Göteborg, der kula landa på 21,22 meter i hennar livs lengste støyt, og vann med ein margin på 1,18 m til den kinesiske sølvmedaljøren.

Kumbernuss tok si siste medalje då ho ved Sommar-OL 2000 kom på bronseplassen. Ho la opp i 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra