Husøy er ein tettstad med 285 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Senja kommune i Troms og Finnmark. Staden ligg på den vesle Husøya i Øyfjorden nord på Senja. Det er molo over Husøysundet til Senja, og fylkesveg derfrå til Riksveg 861.

Husøy
tettstad
Land  Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Senja
Areal 0,11 km²
Folketal 285 (2017)
Folketettleik 2 591 / km²
Postnummer 9389 HUSØY I SENJA
Preposisjon Husøy
Kart
Husøy i Senja
69°32′32″ N 17°39′45″ E
Wikimedia Commons: Husøy

Husa ligg tett på Husøy. Ein av grunnane for å leggje busetjinga der var å unngå rasfåre samstundes med at det gjev kort veg til fiskefelta. På 1950-talet flytte mange frå det vêrutsette Øyfjordvær, som ligg litt lenger ute på andre sida av Øyfjorden, til Husøy. Vêret tek hardt på Husøy òg, og ein del av hustaka er bardunerte for at vinden ikkje skal få rive dei av.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra

  Commons har multimedium som gjeld: Husøy i Senja
  Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.