Husøy i Senja
(Omdirigert frå Husøy på Senja)
Husøy er ein tettstad med 300 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Senja kommune i Troms og Finnmark. Staden ligg på den vesle Husøya i Øyfjorden nord på Senja. Det er molo over Husøysundet til Senja, og fylkesveg derfrå til Riksveg 861.
Husøy | |||
tettstad | |||
Husøy i Øyfjorden.
Foto: Åsta Haukås | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Senja | ||
Areal | 0,11 km² | ||
Folketal | 300 (2022) | ||
Folketettleik | 2 727 / km² | ||
Postnummer | 9389 HUSØY I SENJA | ||
Preposisjon | på Husøy | ||
![]() Husøy i Senja | |||
Wikimedia Commons: Husøy | |||
Husa ligg tett på Husøy. Ein av grunnane for å leggje busetjinga der var å unngå rasfåre samstundes med at det gjev kort veg til fiskefelta. På 1950-talet flytte mange frå det vêrutsette Øyfjordvær, som ligg litt lenger ute på andre sida av Øyfjorden, til Husøy. Vêret tek hardt på Husøy òg, og ein del av hustaka er bardunerte for at vinden ikkje skal få rive dei av.
Kjelder endre
Bakgrunnsstoff endre
Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.