Idrettslaget Norna-Salhus
(Omdirigert frå IL Norna Salhus)
I.L. Norna-Salhus er eit idrettslag tilhøyrande i Salhus i Åsane i Bergen. Laget vart stifta 14. oktober 1935. Norna-Salhus er i dag eit reint friidrettslag, tidlegare vart det også drive med fotball i laget, men i 1987 gjekk fotballgruppa ut av Norna-Salhus og vart del av den nystifta Fotballklubben Bergen Nord.
Av kjende utøvarar i Norna-Salhus kan ein nemne tregsteghopparen Ketill Hanstveit, tikjemparen Benjamin Jensen og kappgjengarane Erik Tysse og Kjersti Tysse Plätzer.