I Wrote a Song
«I Wrote a Song» Song av Mae Muller | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 9. mars 2023 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 02:45 | |
Selskap | Universal Music, Capitol Records, EMI | |
Komponist | Mae Muller, Karen Poole | |
Låtskrivar(ar) | Mae Muller, Karen Poole, Lewis Thompson |
---|
«I Wrote a Song» (norsk omsetjing: ‘eg skreiv ein song’) er ein song av den engelske vokalisten og låtskrivaren Mae Muller, som ho skreiv saman med Karen Poole og Lewis Thompson.[1] Songen blei gjeven ut som singel 9. mars 2023. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 etter å ha blitt internt vald ut av TaP Music og BBC. Songen enda på nest siste plass i finalen på heimebane i Liverpool.
Om songen
endreMuller skreiv «I Wrote a Song» saman med låtskrivarane Karen Poole og Lewis Thompson, og produsert av Alfred Parx (L Devine). Songen blei skriven i 2022, då Muller gjekk gjennom ei tøff tid og ville føle seg sterkare og tøffare rundt romantiske forhold.[1][2]
Den 9. mars 2023 kunngjorde BBC at Muller skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest med låten «I Wrote a Song». Kunngjeringa skjedde under The Radio 2 Breakfast Show med Zoe Ball og studiogjest Rylan Clark.[3] Musikkvideoen til «I Wrote a Song» blei lansert same dag på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest og dei største strøymetenestene.[4]
Som vertsnasjon og ein av av dei største økonomiske bidragsytarane, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai 2023. «I Wrote a Song» var det 26. og siste bidraget ut på scena i finalen.[5] I avrøystinga fekk låten 24 poeng og enda på 25. og nest siste plass.[6][7]
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas (IFPI)[8] | 57 |
Island (Tónlistinn)[9] | 24 |
Litauen (AGATA)[10] | 23 |
Russland (TopHit)[11] | 125 |
Storbritannia (UK Singles)[12] | 9 |
SUS (TopHit)[11] | 133 |
Sverige (Sverigetopplistan)[13] | 10 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Ramachandran, Naman (9. mars 2023). «MaeMuller to Represent U.K. at Eurovision Song Contest With ‘I Wrote A Song’». Variety (på engelsk). Henta 13. mars 2023.
- ↑ «She'srepresenting us at Eurovision...but who is Mae Muller?». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 13. mars 2023.
- ↑ «Mae Muller: Who is the UK's Eurovision entrant?». BBCNews (på engelsk). 9. mars 2023. Henta 13. mars 2023.
- ↑ Willix, Pierra (9. mars 2023). «Whois Mae Muller as she is named the UK's Eurovision 2023 entry?». Metro (på engelsk). Henta 13. mars 2023.
- ↑ «TheOfficial Charts guide to Eurovision 2023». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 13. mars 2023.
- ↑ «MaeMuller». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «IFPI Charts». ifpi.gr. Henta 24. mai 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 19, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 15. mai 2023. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ 11,0 11,1 «IWrote A Song - Mae Muller». TopHit. Henta 31. mai 2023.
- ↑ «iwrote a song | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 8. mai 2023.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19 May 2023.
- Denne artikkelen bygger på «I Wrote a Song» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2023.