Eit lite barn, med frydeskrik

(Omdirigert frå Et lidet barn så lystelig)

«Eit lite barn, med frydeskrik» (Ein kindelein so löbligkleich, Et lidet Barn saa lystelig) er ein opphavleg tyskspråkleg julesong, kjend frå 1422.

Perugino: Kristi fødsel, seint 1400-tal

Det fyrste verset stammar frå ein kristeleg tysk folkesong. Dette verset var i eit skrift frå 1422 teke inn som andre verset i ei tysk omsetjing av ein latinsk song, «Dies est lætitiæ». Luther har nemnd songen i fleire av julepreikene sine. Rundt 1525 vart songen utvida med tre vers. Med desse fire versa vart songen teken inn i den dansk-norske kyrkja. Han vart omsett til dansk av A. Pedersen i 1529, av N.F.S. Grundtvig i 1837 og av W.A. Wexels i 1840. Det fyrste verset vart omsett til nynorsk av Jan Ove Ulstein i 1995.

Salmen vart i 1569 teken med i Den danske Psalmebog i to redaksjonar, med fyrstelinene «EEt lidet barn saa ærefult» og «EEt lidet barn saa løsteligt», den siste under overskifta «Een anden lofsang aff Christi fødsel.» Den sistnemnde vart med i Kingos salmebok. Det fyrste verset av salmen står i Landstads Kirkesalmebok, men frå 1925 var han ute av dei autoriserte salmebøkene i Noreg. Eit vers av salmen vart teke med i Salmer 1997 , her både i dansk og nynorsk omsetjing. I den katolske salmeboka Lov Herren er to vers av salmen tekne med, her i bokmålsomsetjing.

«Eit lite barn, med frydeskrik
er fødd for oss her nede
utav ei møy, så nåderik,
vår Gud, som barnet spede.»

Frå 1. verset etter Salmer 1997 (J.O. Ulstein)

I norsk juletradisjon

endre

Martin Luther meinte at den som hadde skrive songen, måtte ha fått han frå heilaganden. Songen lærer oss, sa Luther, at frelsa ikkje ligg i kyrkja eller i gode gjerningar, men at berre Kristusbarnet er vår trøyst. Han kalla songen for ei englepreike.

«Efter at alle var samlet og hadde håndhilst, bød far hver især å ta plass ved julebordet. -- Stående sang man tre ganger "Et litet barn så lystelig" hvorefter Storheifar leste juleevangeliet. Så fulgte salmen "Oss er i dag en frelser født". Olagutt leste bordbønen. Far sa: I Jesu navn. Og måltidet tok sin begynnelse.»

Ole Bang om juleldagsmorgonen i Rana på seint 1800-tal.[1]

Hans Thomissøn seier i si salmebok frå 1569 at ved Kristi fødsels høgtid skal kyrkjelyden syngje det første verset av denne salmen tre gongar, frå epifania til kyndelsmesse ein gong. I Kingos salmebok står det over salmen at dei første versa skal syngjast «Førend Evangelium læses af Prædikestolen fra Juul og til Kyndelmisse en Gang, men i Julehelligdage tre Gange». Skikken med å bruke songen som preikestolvers heldt seg mange stader langt ut på 1800-talet.

Då det var vanleg å innleie julehøgtida med ein husandakt i heimen, var det i mange heimar skikken å opne samlinga med å syngje denne salmen.

Teksten

endre

Songen handlar om at Gud har frelst verda frå undergangen ved å la seg føde som eit menneske.

Tysk tekst frå 1500-talet:
Ein kindelein so löbligkleich
ist uns geboren heute
Von ainer jungfraw seuberleich
zu trost vns armer leuten:
Wer vns das kindlein nit geborn,
so wer wir all zu mal verlorn,
das hail ist vnser aller.
Eya du süesser Jhesu Christ,
seit du mensch geboren bist,
behüet vns vor der helle.

Den danske Psalmebog (1569)
EEt lidet barn saa løsteligt,
er fød for oss paa iorden
aff een Jomffru reen oc hellig,
han wilde wor frelser worde,
Haffde icke thet barn mandom tagit,
tha haffde wi allesammen bliffuit fortabit,
han er wor salighed allene.
Wi tacke teg søde Jesu Christ,
att tw menniske worden æst,
wocte oss fraa heluedies pine.

Landstads Kirkesalmebog (1869)
Et lidet barn saa lystelig
Er fød for os paa Jorden
Ud af en Jomfru uden Svig,
han er vor Frelser vorden.
Havd' ei Guds Søn sin Manddom saa,
Da maatte Verden al forgaa.
Han redning os kan raade.
Vi takke, sødest Jesu Krist,
At du et Menn'ske vorden est,
Vogt os fra Helveds Vaade!.

Tonen

endre

Tonen er frå mellomaldersalmen «Dies est lætitiæ». Variantar av den same tonen er m.a. bruka til «I denne søte juletid» og «Den sigende dag er oss nu ted» . Tonen finst i mange variantar i norske folketonar. I Salmer 1997 som i Lov Herren er det nytta ein folketone frå Nordmøre.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. *Leif Alstadhaug: «Ole Bang - Dikter og norsk kulturambassadør fra Ytteren i Rana» i Årbok for Helgeland 2008 ISBN 978-82-90148-68-2