Idrijca

elv i Slovenia

Idrijca er ei elv som renn gjennom Idrijaåsane og Cerknoåsane i Slovenia. Ho er 60 km lang. Elva spring ut nær Vojsko, renn nordvestover, og etter å ha passert Idrija snur ho nordvestover. Ho renn gjennom Spodnja Idrija og Cerkno før ho munnar ut i Soča i Most na Soči.

Idrijca
elv
Idrijca nær Divjesjøen
Land  Slovenia
Nedslagsfelt 598 km²
Lengd 60 km
Kjelde Vojsko
Munning Soča
Kart
Idrijca
46°09′06″N 13°44′25″E / 46.1517°N 13.7404°E / 46.1517; 13.7404
Wikimedia Commons: Idrijca
Øvre Idrijca
Sluser nær Idrija

Elva har eit nedslagsfelt på om lag 598 km². Dei største sideelvane hennar er Belca, Zala, Cerknica og Bača frå høgre og Nikomlja, Kanošica og Trebušica frå venstre. Ei av sideelvane frå høgre er òg Jezernica, som kjem frå Divjesjøen. Ho er berre 55 meter lang og den kortaste elva i Slovenia.

Elva har mykje fisk, mellom anna laks, regnbogeaure og harr. Tidlegare vart det drive tømmerfløyting ned Idrijca til Idrija, der tømmreret vart nytta som stivarar i kvikksølvgruva Idrija. Det vart laga spesielle sluer for dette frå 1600-talet og ut 1800-talet.

Området i øvre Idrijca er ein del av Øvre Idrijca naturpark. Dette omfattar mange karstformasjonar. Under den andre verdskrigen stod eit sjukehus som høyrte til motstandsrørsla her.

Kjelder endre

46°09′N 13°46′E / 46.150°N 13.767°E / 46.150; 13.767