Ilvaitt
Ilvaitt eller lievritt er eit svart mineral som opptrer i skarn.
Ilvaitt | |||
Ilvaitt (Ukjend skala) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sorosilikat | ||
Kjemisk formel | Ca(Fe2+)2Fe3+[O|OH|Si2O7] | ||
Strunz-klassifisering | 09.BE.07 | ||
Identifikasjon | |||
Krystallsystem | ortorombisk | ||
Mohs hardleiksskala | 5.5-6 | ||
Strekfarge | svart | ||
Spesifikk vekt | 3.8-4.1 |
I Noreg er det kjent frå Grua på Hadeland, Fossum ved Skien og Nedre Eiker. Kjemisk sett er det eit silikat av kalsium og to- og treverdig jarn, CaFe2FeSi2O8OH, med rombisk eller monoklin symmetri.
Ilvaitt vart først skildra i 1811 på øya Elba og namnet kjem frå det latinske namnet ilva for øya.
Kjelder
endre- Ilvaitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ilvaitt.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ilvaitt