Barking for konservering

Barking er ein konserveringsprosess som vert brukt for å gjere huder, segl og fiskereiskapar av naturfiber haldbare. Ein nyttar garvesyra i bork som konserveringsmiddel. Barking, vegetabilsk garving, av huder har vorte utført av bønder og fiskarar for å skaffe seg lêr til sko og skinnklede.

BorkenEndra

Bork av ulike tre kan brukast til barking. I Noreg har det vore vanlegast å bruke eik og bjørk. Men og andre lauvtre og gran har vore brukte. Likeeins har det vorte nytta grankonglar.[1]

Når ein tek borken av eit tre vil det døy. Difor har det vore vanleg at ein tek never samtidig som ein tek bork. Ein tek og gjerne heile treet til ved. Bork og never er lettast å få laus når det er sevje i treet. Juni og juli har vorte rekna som beste tida til dette, noko avhengig av kvar i landet ein held til.

Ved å ringe rundt treet med kniv i 0,5–1 meters avstand og så lage eit loddbeint snitt mellom ringane, kan ein flå borken av stamma. Borkerullane ein då får må tørkast. Tørkinga bør gå så raskt som råd utan å verte for mykje utsett for direkte sol.

Den tørka borken må knusast til bitar på 1–2 cm før bruk. Det kan gjerast ved at han vert knust i ein sekk eller ved bruk av kompostkvern. Tørr bork kan lagrast i fleire år.

BarkekarEndra

For barking av segl, garn og nøter trengst det store kar. Gamle barkekar er lagga. Dei er runde, og kan ta meir enn 400 liter. Eit slikt kar vert og kalla ein barkeså.

Barking av seglEndra

Segl av naturfiber; lin, bomull og hamp må vernast mot rote. I tillegg vil barking gi seglet farge. Barking kan verte utført med eller utan varme.

Stå-barkingEndra

Når ein ikkje brukar varme til barkinga snakkar ein om stå-bark, syre-bark, sur-bark eller rå-bark. Ein blandar då like delar tørr bork og sjøvatn. Når denne blandinga står eit par veker vil ho gjære og sukkerinnhaldet vil verte redusert. Ein legg seglet i denne barkelogen og lèt det ligg i minst to dagar. Det er viktig at det ligg så jamt som råd. Når ein tek det opp og heng det til tørking går det nokre dagar for det får den endelege fargen.

Barkelogen til stå-barking kan stå heile sommaren og nyttast når det er trong om det. Denne barkemåten har vorte nytta på nye segl og nytt tauverk.

Koke-barkingEndra

Ved kokbarking vert borken bløytt i sjøvatn i to veker. Det har vore vanleg å koke barkelogen i store støypejerngryter på ei grue. I mangel på slike gryter har det vorte brukt avskorne oljefat.

Oppskrifter på barkelog kan variere ein del. Til 180 liters oljefat kan ein til dømes starte med 12 kg knust, tørka bork og 85 liter sjøvatn. Når denne blandinga kokar, har ein i soda for å gjere henne mindre sur. Ein pH-verdi på 6 er høveleg. Barkelogen vert gjerne kokt lenger for å få meir garvesyre ut av borken. Fargen vert no raud-lilla.

Før ein slå logen over seglet, som ein brettar i barkekaret, har ein i tjøre. Då bør temperaturen vere kring 60 grader. Difor vert det blanda i meir sjøvatn. Ved for sterk varme vil tjøra beke seg i svarte klumpar, som kan forringe seglet. Er ho for kald løyser ho seg dårleg opp. Stundom vert det og hatt i lyse og talg. Det er viktig at heile seglet vert bløytt så det ikkje vert ubarka felt. Når heile seglet har kome i barkekaret kan ein legge i tau og andre ting ein vil ha barka. Så pressar ein alt ned med reine steinar.

Dagen etter vert seglet teke opp. Då er fargen grå og lite tiltalande. Under tørking vil det verte fiolett. Når seglet er heilt turt vil det vere raudbrunt. Det er kjennemerke på eit godt barka segl. Segl som er i jamn bruk bør barkast med få års mellomrom.

SmørjingEndra

Store og tunge segl som ein ikkje får ned i barkekaret vert smurde. Smurningen vert laga ved at det først vert kokt barkelog. Ein har i soda og tjøre. Det vert og tilsett nokså mykje talg. Helst bør det vere hestetalg. Talga ein finn i mana på hesten har vorte rekna for den beste talga.[2] Hestetalg er mjuk og oljeaktig også når ho er kald. For å få tjøre og feitt til å blande seg med smurningen har ein i pigmentpulver. Under smørjinga, som vert utført med kald smurning, ligg seglet flat utbretta. Smurningen gnir ein inn med hjelp av stive kostar. Helst bør begge sidene smørjast.[3]

Barking av fiskevegnEndra

Garn, nøter og anna vegn av naturfiber har vorte barka for at dei skal vare lenger. Barking gir og ein farge som gjer fiskereiskapen mindre synlege i vatnet. Til garn som skulle stå på sandbotn, har vore brukt bark frå osp. Han gir ikkje brunfarge. Ofte har det vorte brukt barkelog som det har vore barka segl i.

Fiskarar har hatt eigne barkekar ved naust og andre stader der dei har arbeidd med garn og nøter. Desse kara har gjerne vore støypte i betong. Båtar vart og brukte til barkekar. Både stå-barking og koke-barking har vore brukt til slik barking.

Barking av huderEndra

HeimebarkingEndra

Når ein på gardane har hatt huder frå slakta dyr som ein ville lage til lêr, har desse i stor grad vorte heimebarka. Etter kvart som det vart lettare å nå i garveri og det vart vanleg å bruke andre materialar istaden for lêr, har det vorte slutt på heimebarking.

RøytingEndra

Før huda vart barka måtte ho røytast. Det vil seie at håra vart fjerna. Det har vorte gjort ved å legge ho i vatn. Mange stader har det vore særlege røytehølar i ei elv der huder har vorte fest slik dei låg godt under i det rennande vatnet.[4] Etter om lag 4 veker, då ein hadde passa på at hudene låg skikkeleg, kunne ein vente at huda av ei vaksen ku røytte. Huder av ungdyr, og av andre dyreslag som sauer og geiter, måtte ikkje ligge så lenge. I staden for å legge skinnet i rennande vatn når det skulle røyte, var det stader der ein la det i stilleståande vatn. Ei vassfylt hole i ei myr kunne verte rekna som ein framifrå stad. Utover på 1800-talet kom kalk i bruk for å korte røytetida. Truleg lærde dei som barka heime dette frå bygdegarveria som det no vart ein del av.

Når ein kjende at håra tok til å losne vart huda oppteken og håra avskrapa. Underlaget måtte vere jamt og glatt. Det vart gjerne brukt eit glatt kula bakhun. Til å skrape med vart det gjerne brukt eit kvest trestykke, eit tilforma bein, ein gamal utsliten ljå eller liknande.[5] Når håra var av var det mange som skrapa kjøtsida og.[4]

BarkingaEndra

Ulik type bork vart nytta alt etter kva ein rådde over og kva eigenskapar ein ville gi det ferdig barka lêret. Seljebork gav eit mjukare og lysare lêr enn eikebork og bjørkebork.

Det har vore mange måtar å utføre sjølve barkinga på. Mange stader starta ein med ei tynn log. Dette var mykje for å få den fargen på lêret ein var ute etter. Om ein hadde huda rett i sterk oppløysing kunne ho vere barkebrend. Då vart ho så sterkt barka ytst at barkinga ikkje trengde heilt inn og det vart eit rått felt innerst som hadde lett for å rotne.

Til skinnbarking måtte borken finfordelast. Han kunne verte sundslegen, malen på kvern eller høvla. Då vart ein stor grovstilt høvel, skytehøvelen, lagd over barkekaret. Så vart borken ført over tanna og høvla til flis.[4] Før ein la huda i barkekaret, vart ho kløyvd etter ryggen. På botnen av karet vart det lagd rikeleg med bork. Så vart huda bretta ned i karet, ei halve i gangen. Mellom laga vart det lagd bork. Når alt som skulle barkast var i karet, vart det fylt opp med vatn slik at det stod over huda. Det vart arbeidd med huda for å forvisse seg om at barkelogen kom til alle stader. Område som vart liggande tørre vart råbarka. Det var dårleg lêr. Kor lenge huda lag i barkeloge vart avgjord av kor godt ho skulle barkast. Skulle lêret brukast til skinnklede, noko som var vanleg i fiskardistrikta langs kysten, måtte det vere att ei tynn rårand i midten. Denne gjorde huda vasstett, men ho vart og noko stiv. Gjennombarka huder er mjukare.

Når huda var ferdig barka, vart ho skyld og skrapa på nytt. Så vart ho tørka. Tørkinga måtte gå seint, og det vart passa godt på så ikkje sola nådde i huda. Under andre verdskrigen vart det på nytt barka huder, særleg til skolêr.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Høeg 1975
  2. Eldjarn og Godal
  3. A.Hertzberg og Å. Kristiansen
  4. 4,0 4,1 4,2 Endal 1981
  5. Mehlum 1994

Sjå ògEndra