In the Lap of the Gods... Revisited
In the Lap of the Gods... Revisited Song av Queen frå albumet Sheer Heart Attack | ||
Utgjeve | 8. november 1974 | |
Innspelt | Juli 1974 i Rockfield Studios[1] | |
Sjanger | Hardrock, stadionrock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | EMI (UK), Parlophone (Europe), Elektra (US) | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
---|---|---|
Produsent | Roy Thomas Baker, Queen |
«In the Lap of the Gods... Revisited» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Han er den siste songen på albumet deira Sheer Heart Attack frå 1974. Han inneheld eit mektig anthem-aktig refreng og vert rekna som ein føregangar til «We Are the Champions». Songen finst òg på samlealbuma Deep Cuts, Volume 1 (1973-1976) og Queen Forever.
Sjølv om han har liknande namn som ein annan song frå same albumet, er det få likskapar mellom dei to.
Bakgrunn
endreMercury var i eit forhold med Mary Austin, men hadde byrja å stille spørsmål ved den seksuelle legninga si tidleg til midten av 1970-åra. I desember 1974, då han vart spurt, «Så korleis er det å vere skeiv?» i eit intervju med New Musical Express, svarte han, «La oss ei det slik; det var gonger då eg var ung og grøn. Det er ein sak skulegutar går gjennom. Eg har min del av gutestrekar. Eg går ikkje inn i fleire detaljar enn det.»[2] Homoseksuelle handingar mellom vaksne menn over 21 var blitt avkriminalisert i Storbritannia i 1967. Bandkollegaen Brian May har spekulert i om songen var Mercury sin måte å uttrykke frustrasjon om å ikkje kunne vere open homofil.[3]
Musikalsk struktur
endreByrjinga av songen er strukturert som ein ballade kring pianoet til Mercury, med bass og trommer, og langsamt glir det over eit tungt refreng dominert av elektrisk gitar og sungen med solovokal. Etter det første refrenget, går han over i eit rolegare andre vers, før han går over i eit kjent refreng (no sungen med korharmoniar) og dette vert repetert seks gonge til songen endar med eksplosjonsaktige lydar.[4]
Konsertversjonar
endreSongen vart nytta som avslutningslåt frå og med Sheer Heart Attack-turneen i 1974 fram til A Day at the Races-turneen i 1977. På desse konsertane vart det nytta spesialeffektar for å skape teateratmosfæren bandet ønskte. Røyk dekte scenen under det første refrenget og songen enda med pyroteknikk.[5] Ein forkorta versjon med gitararrangement var spelt på den siste turneen til bandet med Mercury i 1986.[6]
I nyare tid spelte Queen songen med Adam Lambert i 2014. Songen var då del av ein medley med «Seven Seas of Rhye».[7]
Konsertopptak
endreMedverkande
endre- Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano
- Brian May - elektrisk gitar, korvokal
- Roger Taylor - trommer, korvokal
- John Deacon - bassgitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In the Lap of the Gods... Revisited» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sheer Heart Attack». Queensongs.info. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «Highly Strung? (1974 Interview)». Queenonline.com. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «Queen’s Christmas message: 'We need a change of government'». The Guardian. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «In The Lap Of The Gods... Revisited». Queensongs.info. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «Manchester, UK 74-10-30». Queenlive.ca. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «Queen live on tour: Magic tour». QueenConcerts.com. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «Queen live on tour: Queen + A. Lambert 2014». QueenConcerts.com. Henta 10. juni 2016.