Indra Lorentzen (fødd 17. august 1956) er ein norsk-svensk-indonesisk ballettdanser og instruktør.[1]

Indra Lorentzen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1956 (68 år)
Stockholm
Yrke dansar, koreograf

Som aktiv var ho rekna som ein av dei fremste ballettdansarane i Noreg.[2]

Bakgrunn

endre

Lorentzen voks opp i Oslo med indonesisk far og svensk mor, og byrja å danse som fireåring. Skulegangen var ved St. Sunniva skole i Oslo.

Som barn var ho elev hos ballettpedagogen Rita Tori.[3] Ho utdanna seg som dansar i København, London, Genève, New York og ved New York Pantomime School. Ho og studerte også klassisk indonesisk dansJava.[3]

Karriere

endre

I 1972 kom Lorentzen til Nasjonalballetten, som deltakar på eit kurs. I 1973 vart ho tilsett som dansar. Etter fire år i ensemblet sitt corps de ballet vart ho forfremja til solist i 1977.[4][5]

På Nasjonalballetten dansa Lorentzen leiande roller som Miranda i Stormen, George Sand i En kvinne ved navn George (1989), som Angelica Gallo i Tango Buenos Aires 1907(1987-88),[6] La Sylphide og hovudrolla i Kjersti Alvebergs Volven (1989). Utanom Nasjonalballetten dansa ho i Tigerstaden Danseteater og den svenske Cullbergballetten (1984-85, mellom anna i filmen Abbalett).[7]

Frå 1991 til 1993 hadde ho eit lengre skadeavbrekk. I 1998 pensjonerte ho seg frå Nasjonalballetten. Seinare har ho mellom anna undervist ved Statens Balletthøgskole.

Koreografi

endre

Sidan 1990-talet har Lorentzen koreografert og regissert framsyningar på Västanå teater i Sunne i Sverige.[8]

I 1997 koreograferte ho Asarnerit til opninga av Katuaq, det nye kulturhuset i NuukGrønland.[1] Ved Beaivváš Sámi Teahter koreograferte ho Bárgiduvvon bálgát (1994) og Ridn’oaivi ja nieguid oaidni (2008). Ho har interessert seg for og studert scenekunst frå andre kulturer som Indonesia, Bangladesh og Alaska.

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Indra Lorentzen». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 25. februar 2020. Henta 23. august 2020. 
  2. «En ballerina takker av». dagbladet.no. 26. april 1998. Henta 23. august 2020. «- Tårene presset på et par ganger, smiler Indra Lorentzen, 41 år og nybleven pensjonist. Norges fremste ballerina gikk av for aldersgrensen i går - og satte et lidenskapelig punktum for 25 år i Operaballetten.» 
  3. 3,0 3,1 Kristensen, Toini; Hansteen, Valdemar (18. juni 2024). «Indra Lorentzen». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 1994. 
  5. Den Norske opera 25 år: 1958/59-1983/84. 1983. 
  6. Tango Buenos Aires (1907) - (1987-88) Medvirkande sceneweb.no
  7. «Indra Lorentzen - Allkunne». www.allkunne.no (på norsk). Henta 23. august 2020. 
  8. Reisende i bevegelse, www.aftenbladet.no. 24. oktober 2001
  9. Gammleng-prisen - vinnere 1982-2023 ffuk.no
  10. Norges største kulturpris til scenekunstnerne Indra Lorentzen, Sverre Anker Ousdal og Jo Strømgren shakespearetidsskrift.no, 26. juni 2023