Indre Takkvam, òg skriven Indre Takvam, er ein gard i Arna i Bergen.[1][2] Garden ligg aust for Ytre Takkvam, vest for Holo og sør for Sørfjorden.[2] På garden ligg Takvam haldeplass, som var ein av stasjonane på Bergensbanen frå 1966 til 2012, Takvam kapell og Takvam kirkegård.[2][3] Saman med Ytre Takkvam utgjer Indre Takkvam namnegarden Takvam.[2] Sidan 1633 har den same slekta ått garden.[2]

Indre Takkvam
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5264 GARNES
Innbyggjarnamn Arnabu
Preposisjon Indre Takkvam
Gardnummer 279
Ferdselsårer Takvamvegen
Herlandsvegen
E16 Hardangervegen

Namnet Indre Takkvam vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.[4]

Fotnotar

endre
  1. «Indre Takkvam». Norgeskart.no. Henta 16. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Takvam». Bergen byleksikon. Henta 16. februar 2015. 
  3. «Kirker i Hordaland Fylke». DIS-Hordaland. Henta 16. februar 2015. 
  4. «Indre Takkvam». Statens kartverk. Henta 16. februar 2015.