Ingebrigt Huus

Norsk bonde og politikar

Ingebrigt Ingebrigtsson Huus (28. mai 18681957) var ein norsk gardbrukar frå Singsås i Sør-Trøndelag som møtte på Stortinget i åra 1919-27. Han representerte einmannskrinsen Gauldalen og partiet Venstre perioden 1919-21, sidan var han representant for Sør-Trøndelag fylke og Bondepartiet.

Ingebrigt Huus
Fødd 28. mai 1868
Singsås
Død

12. august 1957 (89 år)

Yrke bonde

Huus var son til ein leiglending i Singsås. Skulevinteren 1888/89 gjekk han amtsskulen. I 1892 kjøpte han farsgarden Hus i Singsås av Røros koparverk, og vart sjølveigarbonde.

Frå kring hundreårsskiftet var Huus ein sentral mann i styringa av Singsås herad. Han var ordførar 1904-16 og på ny 1934-37. Elles var han med i fattigstyret og ei rad andre utval i heradet.

Ved stortingsvalet 1918 lukkast Huus å vinne stortingsmandatet frå Gauldalen krins. Han representerte då partiet Venstre i perioden 1919-21. Etter Landmannsforbundet (Bondepartiet) stilte liste til stortingsvalet 1921, melde Huus overgang og vart vald til tingmann frå Sør-Trøndelag, både då og i 1924. Alle dei ni sesjonane han var stortingsrepresentant hadde han sete i Vegkomiteen, dei siste tre sesjonane som sekretær i komiteen. Perioden 1922-24 var han også varapresident i Odelstinget, og under Riksretten 1926/27 var han med å frikjenne Berge-regjeringa.

Huus var landsstyremedlem i Bondepartiet 1921-24 og 1928-34. Perioden 1922-26 var han landsstyremedlem i Norges Bondelag. Han var også medlem i Selbukommisjonen av 1928 som arbeidde med å selje skogseigedomane i Ths. Angells stiftelse, og frå 1933 var han medlem i Tilsynskommisjonen for Dovrebanen og Rørosbanen.

KjelderEndra