Ingmund Holtås (12. juni 193317. desember 2017) var ein norsk langrennsløpar frå Evenskjer i Skånland.

Ingmund Holtås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juni 1933
Død

17. desember 2017 (84 år)

Idrett langrenn

Holtås vann to bronsemedaljar i noregsmeisterskap, begge på 50-kilometeren. Den fyrste kom i 1960, berre noregsmeisteren Reidar Andreassen og Sverre Stensheim gjekk fortare. To år seinare vart det ny bronse, Harald Grønningen kapra gullet, Stensheim fekk eit nytt sølv. Sesongen i mellom, 1961, vart Holtås saman med Arne Jensen og Alf Storelvmo noregsmeistrar i 3 x 10 km stafett for BUL i Oslo.

Internasjonale renn endre

Holtås var ikkje med i langrennstroppen til vinterolympiaden i Squaw Valley i 1960. To år seinare deltok han på femmila under verdsmeisterskapen i Zakopane, men braut løpet. Hans største prestasjon i internasjonale tevlingar var tredjeplassen på 50-kilometeren i Holmenkollen i 1960, der nest ein tiandeplass på same distansen same året i Lahti.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar