Ingvald Severin Johannessen Førre (24. desember 187918. januar 1962) var ein norsk avisredaktør, offentleg tenestemann og politikar frå Haugesund. Han vart vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet ved tre stortingsval i mellomkrigstida, men melde seg ut av partiet midtvegs i den tredje tingperioden.

Ingvald Førre
Fødd24. desember 1879
Død18. januar 1962 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør, vaksinemotstander, fredsaktivist
BarnFrithjof Førre
Alle verv

Førre var son til ein sjømann. Han var trykkarlærling i heimbyen, og i Florø og Kristiania. Frå 1906 til 1912 var han redaktør i Haugesunds Arbeiderblad, og arbeidde deretter i andre avistiltak, mellom anna redigerte han avisa Demokraten i juni 1913. Han heldt fram i yrket som redaktør av Hønefos og Oplands Socialdemokrat 1913-14. I 1914 reiste han attende til Haugesund og starta opp eit trykkeri.

Frå 1919 var Førre tilsett som sjef av sosialetaten i Haugesund kommune, deretter var han i 1923-24 sjef for skatteetaten. I åra frå 1924 til august 1946 var han underfut i kommunen. Samstundes var han i tida 1930-41 også leiar av Noregs Bank si avdeling i Haugesund.

Førre var medlem av Haugesund bystyre 1910-13 og på ny 1919-22. Frå 1925 var fast representant i bystyret fram til andre verdskrigen. Han var varaordførar i 1927 og 1936, medan han i 1937-38 var ordførar.

Førre vart vald til inn på Stortinget frå byane i Vest-Agder og Rogaland ved tre val; 1927, 1933 og 1936. Perioden 1931-33 var han vararepresentant til Stortinget. På Tinget var han 1928-30 medlem i Næringskomite nr 1, sidan var han frå 1934 medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I siste halvdelen av 1930-åra gjekk han mot at Arbeidarpartiet skulle endre forsvarspolitikken bort frå ei pasifistisk retning. Han braut med partiet i 1938 og var sidan uavhengig stortingsrepresentant. Med boka Åndskampens vei til det klasseløse fredssamfund gjorde han greie for brotet. I 1940 ytra Førre seg negativt om Elverumsfullmakta.

Etter andre verdskrigen gjekk statsadvokaten i Rogaland inn for å tiltale Førre for landssvik, då han meinte Førre skulle ha bøygd av for den tyske okkupasjonsmakta i 1940. Riksadvokaten vedtok å la vere å tiltale Førre, men irettesette han munnleg for «utilfredstillende nasjonal holdning».

Kjelder

endre