Innovasjon- og teknologipartiet

Innovasjon- og teknologipartiet (ITP), tidlegare Piratpartiet, er eit norsk politisk parti som ifølgje det politiske programmet sitt fører ein politikk basert på at «kunnskap og kultur skal deles og gjenbrukes, at individets rettigheter skal forsvares, og at Internett muliggjør en mer direkte og demokratisk politisk modell».[1]

Innovasjon- og teknologipartiet

LandNoreg
Grunnlagt17. desember 2012
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Unge Piratar
Ideologipiratparti Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonBlokkuavhengig
Farge     Oransje      Svart

Partiet blei stifta i 2012, men har hatt låg oppslutning ved val.[2][3][4] Ved stortingsvalet i 2021 fekk partiet 2 308 røyster, noko som svara til under 0,1 % av samtlege gjevne røyster.[4]

Den 11. mars 2023 vedtok landsmøtet å bytte namn på partiet til Innovasjon- og teknologipartiet.[5]

Program og ideologi endre

Grunnprinsippa til Innovasjon- og teknologipartiet per 2017 var «full åpenhet i statsforvaltningen, personverninternett samt mer og bedre bruk av IT og teknologi for å få til et best mulig demokrati».[6] I valprogrammet for 2017 hadde partiet også politikk på ei rekkje andre saksområde.[7]

Per 2023 har Innovasjon- og teknologipartiet definert følgjande verdiar som grunnlag for politikken til partiet.[8]

  1. Vi er frie
  2. Vi respekterer privatliv
  3. Vi er kritiske
  4. Vi er rettferdige
  5. Vi respekterer liv
  6. Vi ivrar etter kunnskap
  7. Vi er solidariske
  8. Vi er internasjonale

Historikk endre

I 2009 skreiv enkelte medium om at det svenske Piratpartiet ville starte eit systerparti i Noreg, og Piratpartiet Noreg blei resultatet.[9] 16. juni 2012 inviterte partiet til startmøte i Trondheim[10] for å bli einige om ein strategi for å skaffe dei 5 000 underskriftene som lova kravde for at eit politisk parti skulle bli registrert i partiregisteret.[10] Partiet hadde fått 5257 underskrifter den 16. desember 2012, og desse underskriftene blei sende inn til registrering.[11]

Piratpartiet blei offisielt registrert i partiregisteret i Brønnøysundregistera 24. januar 2013.[12] Partiet blei landsdekkjande den 2. april 2013, då det blei etablert fylkeslag og levert inn vallister i alle fylka.[13] Ved stortingsvalet i 2013 var kampen mot Datalagringsdirektivet ei av hovudsakene til partiet.[14]

I mars 2023 endra Piratpartet namn til Innovasjon- og teknologipartiet.

Internasjonal tilknyting endre

Partiet er ein del av den internasjonale piratpartirørsla Pirate Parties International.[6]

Valresultat endre

Stortingsvalet 2013 endre

Piratpartiet stilte lister i alle fylka til stortingsvalet 2013 og oppnådde 9869 røyster, det vil seie 0,35 prosent av samtlege gjevne røyster.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 endre

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget 2015 fekk Piratpartiet 7165 røyster i fylkestingsvalet, som svarar til 0,3 % av røystene, i tillegg til 1428 røyster i kommunevalet fordelte på Oslo, Trondheim, Kristiansand og Kongsberg.[15]

Piratpartiet stilte også liste i 13 fylke, tre kommunar (utanom Oslo) og ein Oslo-bydel til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.[16] Dei stilte under stortingsvalet 2017 med lister i elleve fylke.[17] Ved stortingsvalet 2013 blei partiet det tolvte største partiet i Noreg i røystetal med 9868 røyster, men utan stortingsrepresentantar. Dei fekk flest røyster i Sør-Trøndelag, med 0,5 % av røystene.[18]

Stortingsvalet 2017 endre

Ved stortingsvalget 2017 fekk Piratpartiet 3348 røyster totalt, og blei dimed det 15. største partiet i Noreg.[19]

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 endre

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i Norge 2019 fekk Piratpartiet 908 røyster totalt i Oslo og Bergen, som var dei einaste kommunane dei stilte liste i, og 3538 røyster totalt i fylkestingsvalet, der dei stilte liste i dei fire fylka Agder, Trøndelag, Vestland og Viken.[20] I Arendal stod politisk nestleiar Svein Mork Dahl på 18. plass på den tverrpolitiske Hovelista, men enda opp på 9. plass etter at personrøyster og slengjarar var talde opp.[21] Hovelista fekk 5,9 % av røystene ved valet, og to innvalde representantar.[22] Dahl blei nestleiar i Klageutvalget og Sakkyndig ankenemnd eiendomsskatt i Arendal kommune etter valet, men seinare leiar for Sakkyndig ankenemnd i Arendal kommune.[23]

Stortingsval
Årstall Røyster Prosent Mandat
2013 9 869 0,3% 0
2017 3 356 0,1% 0
2021 2 308 0,08% 0
Fylkestingsval
Årstall Røyster Prosent Mandat
2015 7 165 0,3% 0
2019 3 538 0,1% 0
Kommunestyreval
Årstall Røyster Prosent Mandat Ordførarar
2015 1428 0,05% 0 0
2019 908 0,03% 0 0

Partileiing endre

Svein Mork Dahl blei vald til leiar av partiet i 2019 og er fortsatt leiar (per mars 2023). Olav Handeland er organisatorisk nestleiar og Kari Toreskaas er politisk nestleiar.[24]

Tidlegare partileiarar
Periode Namn
2012–2013 Geir Aaslid
2013–2015 Øystein Bruås Jakobsen
2015–2017 Tale Haukbjørk Østrådal
2017–2019 Thomas Gramstad
2019– Svein Mork Dahl

Kjelder endre

  1. Piratpartiet (30. mai 2021). «Piratpartiets politiske program» (PDF). piratpartiet.no. Arkivert frå originalen (PDF) 15. august 2022. Henta 5. januar 2023. 
  2. «Stortingsvalg 2013». valgresultat.no. Valgdirektoratet. Henta 5. januar 2023. 
  3. «Stortingsvalg 2017». valgresultat.no. Valgdirektoratet. Henta 5. januar 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Stortingsvalg 2021». valgresultat.no. Valgdirektoratet. Henta 5. januar 2023. 
  5. Innovasjon- og teknologipartiet (12. mars 2023). «Piratpartiet har offisielt skiftet navn på sentralt partiledd». @pirnorge på Twitter. Henta 13. mars 2023. 
  6. 6,0 6,1 Magnus Aamo Holte (11. september 2012). «Nå kommer piratene». Bergens Tidende (på norsk). Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 17. mars 2023. 
  7. «Piratpartiets valgprogram 2017». 20. august 2017. Arkivert frå originalen 14. september 2017. Henta 17. mars 2023. 
  8. «VERDIGRUNNLAG – Innovasjon- og teknologipartiet» (på norsk bokmål). Henta 15. mars 2023. 
  9. Unanue-Zahl, Pål (29. april 2009). «Pirater demonstrerer for nettfrihet». VG (på norsk). Henta 13. september 2017. 
  10. 10,0 10,1 «Norsk piratparti vil inn på Stortinget». Aftenposten (på norsk). 13. juni 2012. Henta 13. september 2017. 
  11. «Piratpartiet blir godkjent». Bergens Tidende (på norsk). 17. desember 2012. Henta 13. september 2017. 
  12. «KUNNGJØRING: PIRATPARTIET GODKJENT I PARTIREGISTERET - Piratpartiet». Piratpartiet (på norsk). 24. januar 2013. Arkivert frå originalen 27. mai 2016. Henta 13. september 2017. 
  13. «Piratpartiet er Norges nyeste landsdekkende parti - Piratpartiet». Piratpartiet (på norsk). 3. april 2013. Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 13. september 2017. 
  14. «Piratpartiet har fått nok underskrifter». Nettavisen (på norsk). 17. desember 2012. Henta 13. september 2017. 
  15. «Piratpartiet gikk frem i valget! - Piratpartiet». Piratpartiet (på norsk). 15. september 2015. Arkivert frå originalen 23. april 2016. Henta 13. september 2017. 
  16. «Disse piratene kan du stemme på i kommune- og fylkestingsvalget - Piratpartiet». Piratpartiet (på norsk). 10. august 2015. Arkivert frå originalen 23. april 2016. Henta 13. september 2017. 
  17. Løset, Kjetil (31. mars 2017). «Her er alle partiene du kan stemme på under høstens valg». TV 2 (på norsk). Henta 13. september 2017. 
  18. «NRK valgresultat 2013 - Landsoversikt». NRK (på norsk). Arkivert frå originalen 18. juni 2017. Henta 13. september 2017. 
  19. «Resultater fra Stortingsvalget 2017». Aftenposten (på norsk). Henta 13. september 2017. 
  20. «Valgresultat for Piratpartiet – Valg 2019». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. september 2021. 
  21. «Her kan du stemme på Piratpartiet i dette valget». 11. august 2019. Arkivert frå originalen 31. oktober 2019. Henta 31. oktober 2019. 
  22. «Valgresultat for Norge – Valg 2019». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. april 2020. 
  23. «Nemnder - Arendal kommune». www.arendal.kommune.no. Henta 2. oktober 2021. 
  24. «Sentralstyret, ITP, 2023 – Innovasjon- og teknologipartiet» (på norsk bokmål). Henta 17. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre