Internett i Noreg

Internett i Noreg er tilgjengeleg gennom fiber- eller mobilnettverk. Domenekoden for landet er .no. I 2013 hadde nesten 100 % av innbyggjarane i Noreg tilgang til Internett.[1][2]

I 1973 blei Noreg det fyrste ikkje-engelskspråklege landet til å koplast til ARPANET. NORSAR (Norwegian Seismic Array) ved Kjeller utanfor Oslo blei forbdunde med satellitt til SDAC (Seismic Data Analysis Center) i Virginia i USA som del av ARPANET for å overvaka kjernevåpentestavtalar med Sovjetunionen.[3][4]

Toppnivådomene

endre

.no  er nasjonalt toppnivådomene (ccTLD) for Noreg. Norid er domenenamnregiseret med base i Trondheim. Det har statlege Uninett som eigar, og blir overvaka av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet.[5] 9. juli 2021 var det 824 489 registrerte .no-domene.[6][7] Ein kan berre registrera domene knytte til organisasjonar som er representerte i Noreg og registrerte ved Brønnøysundregistera. Ein organisasjon kan ha maksimalt 100 domene. I tillegg kan individ som bur i Noreg registrera eit undernivådomene, priv.no. Det finst andre undernivådomene for visse organisasjonar, som kommunar og skular. Den strenge reguleringa gjer at cybersquatting nesten ikkje finst. Utgåtte domene blir verna mot ombruk i seks månader.[8]

Kjelder

endre
  1. «Norwegian media barometer 2011 - We watch more television». Statistics Norway. 20 March 2012. Henta 13. september 2007. 
  2. "Percentage of Individuals using the Internet 2000-2012", International Telecommunication Union (Geneva), June 2013, henta 22. junu 2013
  3. «NORSAR and the Internet». NORSAR. Arkivert frå originalen 21. januar 2013. 
  4. «ARPANET Maps 1969 to 1977». Arkivert frå originalen 19. april 2012. Henta 16. mai 2012. 
  5. "Historien om .no" Arkivert 2015-04-11 ved Wayback Machine. Mal:In lang ("Norid History"), Uninett. Henta 18. september 2013. (English translation)
  6. "Historien om .no" Arkivert 2015-04-11 ved Wayback Machine. Mal:In lang ("Norid History"), Uninett. Henta 18. september 2013. (English translation)
  7. "Domains within .no"[daud lenkje], Norid, Uninett, 24 January 2013. Retrieved 18 September 2013.
  8. "Domain name Policy for .no", Norid, Uninett, 13 May 2013. Retrieved 18 September 2013. https://web.archive.org/web/20020702032048/https://www.norid.no/navnepolitikk.en.html

Bakgrunnsstoff

endre