Statistisk sentralbyrå
(Omdirigert frå Statistics Norway)
Statistisk sentralbyrå (SSB) har det overorda ansvaret for samordning av offisiell statistikk i Noreg. I følgje Lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå («Statistikklova») er sentralbyrået underlagt Finansdepartementet, men fagleg sett er det ein sjølvstendig institusjon.
Statistisk sentralbyrå | |||
Hovudkontoret til Statistisk sentralbyrå i Akersveien 26, Oslo | |||
| |||
Forkorting | SSB | ||
---|---|---|---|
Offisielt namn | Statistisk sentralbyrå, Statistics Norway | ||
Type | Forvaltingsorgan | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1. juli 1876[1] | ||
Org.nummer | 971526920 | ||
Adm. dir. | Birger Vikøren (konstituert) | ||
Hovudkontor | Akersveien 26 i Oslo | ||
Eigar | Finansdepartementet | ||
Tilsette | 1 070 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | www.ssb.no |
SSB har 1 070 tilsette, av dei 350 på Kongsvinger og 720 i Oslo. I tillegg til å utarbeide offisiell statistikk, skriv byrået rapportar og notat på oppdrag frå både private og offentlege institusjonar.
Direktørar
endre- Birger Vikøren (konstituert) 2017-[3]
- Christine B. Meyer 2015-12. november 2017[4][5]
- Torbjørn Hægeland (midl.) 2015
- Hans Henrik Scheel 2011-2014
- Øystein Olsen 2005-2010
- Svein Longva 1991-2004
- Arne Øien 1980-1990
- Petter Jakob Bjerve 1949-1980
- Arne Skaug 1946-1948
- Gunnar Jahn 1920-1945
- Nicolai Rygg 1913-1919
- Anders Nicolai Kiær 1877-1912[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Statistisk sentralbyrås historie». SSB. Henta 20. februar 2016.
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ Erlend Kinn (16. november 2017). «Birger Vikøren midlertidig ansatt som SSB-direktør». NRK. Henta 5. mars 2018.
- ↑ «Christine Meyer ny SSB-sjef». SSB. 12. juni 2015. Henta 20. februar 2016.
- ↑ Inger Lise Hammerstrøm, Sigurd Bjørnestad (12. november 2017). «Christine Meyer fratrer som SSB-sjef ved midnatt». Aftenposten. Henta 5. mars 2018.