Into the Great Wide Open
Into the Great Wide Open Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. juli 1991 | |
Innspelt | 1990–91 i Rumbo Recorders i Studio C i Canoga Park i California og M.C. Studios | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 43:55 | |
Selskap | MCA, Universal | |
Produsent | Jeff Lynne, Tom Petty, Mike Campbell | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
---|---|---|
Full Moon Fever (1989) |
Into the Great Wide Open | Greatest Hits (1993)
|
Into the Great Wide Open er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i juli 1991. Albumet var det siste bandet gav ut på MCA Records og det andre Petty-albumet som var produsert med Jeff Lynne etter suksessen med Full Moon Fever i 1989.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Chicago Tribune | [2] |
Entertainment Weekly | B+[3] |
The Essential Rock Discography | 6/10[4] |
Los Angeles Times | [5] |
MusicHound | [6] |
The New York Times | (positiv)[7] |
People | (positiv)[8] |
Q | [9] |
Rolling Stone | [10] |
Virgin Encyclopedia of Popular Music | [11] |
Den første singelen, «Learning to Fly», vart den Petty-songen som låg lengst på toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks-lista (i lag med «The Waiting» Hard Promises i 1981), heile seks veker. Den andre singelen, «Out in the Cold», nådde òg toppen av Mainstream Rock-lista, men berre for to veker.
I musikkvideoen for tittelsongen spelte Johnny Depp, som hadde flytta til Los Angeles som tenåring, i tillegg til Gabrielle Anwar, Faye Dunaway, og Matt LeBlanc.
Mottaking
endreInto the Great Wide Open fekk gode kritikkar av musikkpressa. Dave DiMartino skreiv om albumet for Entertainment Weekly og sa at albumet var det næraste «klassiske» albumet Petty og bandet hadde laga på 15 år, og sa at albumet var eit gjenhøyr med dei to første albuma. Han meinte dette i stor grad var på grunn av Jeff Lynne og at songane er betre enn dei på Full Moon Fever.[3] Rolling Stone-journalisten Parke Puterbaugh kalla albumet ei blanding mellom Full Moon Fever og Damn the Torpedoes, og sa at det hadde dei beste tekstane til Petty og at det var mykje betre enn Let Me Up (I've Had Enough).[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic var mindre imponert og sa at Into the Great Wide Open var for likt Full Moon Fever. Han sa at albumet var «behageleg» men ikkje hans beste.[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Tom Petty og Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Learning to Fly» | 4:02 |
2. | «Kings Highway» (Petty) | 3:08 |
3. | «Into the Great Wide Open» | 3:43 |
4. | «Two Gunslingers» (Petty) | 3:09 |
5. | «The Dark of the Sun» | 3:23 |
6. | «All or Nothin'» (Petty, Mike Campbell, Lynne) | 4:07 |
7. | «All the Wrong Reasons» | 3:46 |
8. | «Too Good to Be True» (Petty) | 3:59 |
9. | «Out in the Cold» | 3:40 |
10. | «You and I Will Meet Again» (Petty) | 3:42 |
11. | «Makin' Some Noise» (Petty, Campbell, Lynne) | 3:27 |
12. | «Built to Last» | 4:00 |
Medverkande
endre- Tom Petty – vokal, 6- and 12-strengs akustisk og elektrisk gitar, klaverinstrument, perkusjon, bassgitar, produsent
- Mike Campbell – sologitar, 12-strengsgitar, bassgitar, Dobro, klaverinstrument, slidegitar
- Howie Epstein – bassgitar, korvokal
- Benmont Tench – akustisk og elektrisk piano, trekkspel
- Stan Lynch – trommer, perkusjon
- Jeff Lynne – gitarar, bass, vokal, piano, synthesizer, perkusjon, lydeffektar
- Roger McGuinn – korvokal på «All The Wrong Reasons»
- Richard Tandy – synthesizer på «Two Gunslingers»
Lister
endreVekeslister
endreListe | Plassering |
---|---|
Australian ARIA Album Chart[12] | 28 |
Austerrike[13] | 7 |
Kanadiske Album Chart[14] | 4 |
Nederlandsk Mega Album-lista[15] | 53 |
Tyske Media Control-lista[16] | 8 |
Japanske Oricon-lista[17] | 96 |
New Zealand[18] | 12 |
VG-lista[19] | 5 |
Sverige[20] | 2 |
Sveitsisk[21] | 12 |
UK Album Chart[22] | 3 |
US Billboard 200[23] | 13 |
Årslister
endreListe (1991) | Plassering |
---|---|
Kanadiske Album Chart[24] | 21 |
UK Album Chart[25] | 99 |
US Billboard 200[26] | 71 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Into the Great Wide Open (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Into the Great Wide Open - Tom Petty and the Heartbreakers». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 19. mars 2015.
- ↑ Kot, Greg (1. september 1991). «Through The Years With Tom Petty». Chicago Tribune. Henta 21. mars 2015.
- ↑ 3,0 3,1 DiMartino, Dave (19. juli 1991). «Into the Great Wide Open Review». Entertainment Weekly (75). ISSN 1049-0434. Henta 19. mars 2015.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9.
- ↑ Cromelin, Richard (30. juni 1991). «SUMMER ALBUM ROUNDUP : A Wilbury's Further Travels». Los Angeles Times. Henta 21. mars 2015.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Schoemer, Karen (1. januar 1992). «The Pop Life; Top 12's, or So». The New York Times. Henta 2. januar 2013.
- ↑ «Picks and Pans Review: Full Moon Fever». People. 8. desember 1991. Arkivert frå originalen 26. desember 2014. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Tom Petty / Tom Petty & The Heartbreakers – Into the Great Wide Open CD Album». CD Universe. Henta 2. januar 2013.
- ↑ 10,0 10,1 Puterbaugh, Parke (11. juli 1991). «Into the Great Wide Open». Rolling Stone (Jann S. Wenner). Arkivert frå originalen 4. januar 2013. Henta 19. mars 2015.
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers Into the Great Wide Open». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 11. mars 2015.
- ↑ «australian-charts.com Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open». Australian Recording Industry Association. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «austriancharts.at Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 21. mars 2015.
- ↑ «100 Album (CDs & Cassettes)» (PHP). RPM 54 (12). 24. august 1991. ISSN 0315-5994. Henta 19. mars 2015.
- ↑ «dutchcharts.nl Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open» (på tysk). Media Control. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «トム・ペティ&ザ・ハートブレイカーズ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Into the Great Wide Open by Tom Petty and the Heartbreakers]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «charts.org.nz — Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 30. april 2014. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «norwegiancharts.com Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open». VG-lista. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «swedishcharts.com Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers - Into the Great Wide Open - hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Sveitiske musikklister. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers: Artist: Official Charts». UK Album Chart. Henta 11. mars 2015.
- ↑ «Into the Great Wide Open – Tom Petty & the Heartbreakers». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «RPM 100 Album (CDs & Cassettes) of 1991». RPM. 21. desember 1991. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 21. mars 2015.
- ↑ «Billboard.BIZ – Year-end Charts – Billboard 200 – 1991». billboard.biz. Arkivert frå originalen 6. desember 2012. Henta 21. mars 2015.