Hard Promises
Hard Promises Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. mai 1981 | |
Innspelt | 1980–81 i Sound City i Van Nuys, Cherokee Studios i Hollywood, CA og Goodnight i LA | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 39:33 | |
Selskap | Backstreet | |
Produsent | Jimmy Iovine, Tom Petty | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
---|---|---|
Damn the Torpedoes (1979) |
Hard Promises | Long After Dark (1982) |
Singlar frå Hard Promises | ||
|
Hard Promises er det fjerde studioalbumet av Tom Petty and the Heartbreakers utgjeve i mai 1981.
Historie
endreArbeidstittelen på albumet var Benmont's Revenge, og syner til klaverspelaren i bandet, Benmont Tench.[9] Stevie Nicks frå Fleetwood Mac syng ein duett med Petty på «Insider». The Heartbreakers spelte òg inn hitten «Stop Draggin' My Heart Around» for Nicks-albumet Bella Donna samstundes som Hard Promises vart spelt inn.
Dette var det andre Tom Petty-albumet på Backstreet Records. Utgjevinga til albumet vart forseinka medan Petty og distributøren hans, MCA Records, krangla om listeprisen. MCA hadde planar om å gje ut albumet til ein ny og dyrare listepris på 9,98 dollar, etter at dei hadde gjort det same med Steely Dan sitt Gaucho og Olivia Newton-John/Electric Light Orchestra sitt Xanadu. Denne såkalla «superstjerneprisen» var 1 dollar meir enn den vanlege listeprisen på 8,98 dollar.[10] Petty protesterte og vurderte å kalle albumet Eight Ninety-Eight, eller trekke det heilt attende. MCA valde til slutt å gje det ut til normal pris.[11]
Under innspelinga av albumet hadde John Lennon bestilt studiotid samstundes. Tom Petty såg fram til å møte han, men det skjedde aldri då Lennon vart myrda før han kom så langt. Som ei hyllest til Lennon fekk bandet markert «WE LOVE YOU JL» på masterkopien av albumet. Fram til i dag står det «WE LOVE YOU JL» på alle dei originale vinylutgåvene av albumet.[12] Tittelen på albumet kjem frå ei linje i refrenget på «Insider».
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Tom Petty, utanom der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Waiting» | 3:58 |
2. | «A Woman in Love (It's Not Me)» (Petty, Mike Campbell) | 4:22 |
3. | «Nightwatchman» (Petty, Campbell) | 3:59 |
4. | «Something Big» | 4:44 |
5. | «Kings Road» | 3:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Letting You Go» | 3:24 |
7. | «A Thing About You» | 3:33 |
8. | «Insider» | 4:23 |
9. | «The Criminal Kind» | 4:00 |
10. | «You Can Still Change Your Mind» (Petty, Campbell) | 4:15 |
Medverkande
endre- The Heartbreakers
- Tom Petty – solovokal, 12- & 6-strengs elektrisk & akustisk gitarar, bassgitar & elektrisk piano på «Something Big»
- Mike Campbell – 12- & 6-strengs gitar elektrisk gitarar, autoharpe, trekkspel, harmonium, bassgitar
- Benmont Tench – organ, piano, korvokal
- Ron Blair – bassgitar
- Stan Lynch – trommer, korvokal
- Andre musikarar
- Phil Jones – perkusjon på alle spor
- Stevie Nicks – harmonivokal på «Insider», korvokal på «You Can Still Change Your Mind»
- Donald «Duck» Dunn – bassgitar on «A Woman in Love»
- Sharon Celani – korvokal på «You Can Still Change Your Mind»
- Alan «Bugs» Weidel – piano på «Nightwatchman»
Lister
endreVekeslister
endreListe | Plassering |
---|---|
Australian Album Chart[13] | 21 |
Canadian RPM Album Chart[14] | 3 |
New Zealand[15] | 1 |
Sverige[16] | 22 |
UK Album Chart[17] | 32 |
USA Billboard 200[18] | 5 |
Årslister
endreListe (1981) | Plassering |
---|---|
Canadian Album Chart[19] | 28 |
US Billboard Pop Album[20] | 49 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hard Promises» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review
- ↑ Kot, Greg (1. september 1991). «Through The Years With Tom Petty». Chicago Tribune. Henta 11. mars 2015.
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Rolling Stone review
- ↑ Rolling Stone Album Guide
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers Hard Promises». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 8. januar 2016. Henta 11. mars 2015.
- ↑ Goldstein, Patrick. «Pop Eye» Los Angeles Times Sept. 21, 1980: T80.
- ↑ Goldstein, Patrick. «Petty Battling MCA Over Record Price Hike» Los Angeles Times 1. februar 1981: N72.
- ↑ Marsh, Dave. «Tom Petty» Musikar July 1981: 43.
- ↑ Conversations with Tom Petty by Paul Zollo
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Album/CDs - Volume 35, No. 4» (PHP). RPM. 4. juli 1981. Henta 1. mai 2014.
- ↑ «charts.org.nz — Tom Petty and the Heartbreakers - Hard Promises». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen 30. april 2014. Henta 1. mai 2014.
- ↑ «swedishcharts.com Tom Petty and the Heartbreakers - Hard Promises» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 1. mai 2014.
- ↑ «Tom Petty and the Heartbreakers: Artist: Official Charts». UK Album Chart. Henta 8. april 2014.
- ↑ «Allmusic: Hard Promises : Charts & Awards : Billboard Album». allmusic.com. Henta 1. mars 2014.
- ↑ «RPM Top 100 Album of 1981». RPM. 26. desember 1981. Henta 1. mai 2014.
- ↑ «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1981». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 1. mai 2014.