Opna hovudmenyen
Full Moon Fever
Studioalbum av Tom Petty
Utgjeve 24. april 1989
Innspelt 1988–89 at M.C. Studios, Rumbo Studios, Sunset Sound, Devonshire Studios, Conway Studios and Sound City Studios
Sjanger
Lengd 39:58
Selskap
Produsent
Tom Petty-kronologi
Let Me Up (I've Had Enough)
(1987)
Full Moon Fever Into the Great Wide Open
(1991)
Singlar frå Full Moon Fever
  1. «I Won't Back Down»
    Utgjeve: April 1989
  2. «Runnin' Down a Dream»
    Utgjeve: 29. juli 1989
  3. «Free Fallin'»
    Utgjeve: 27. oktober 1989
  4. «A Face in the Crowd»
    Utgjeve: 3. mars 1990
  5. «Yer So Bad»
    Utgjeve: 1990

Full Moon Fever er det første soloalbumet til Tom Petty, sjølv om dei fleste medlemmane i bandet hans, the Heartbreakers, spelar på albumet, mest av alt Mike Campbell, i tillegg til Jeff Lynne, Roy Orbison og George Harrison frå Traveling Wilburys.[1][2] Petty utforskar dei musikalske røtene sine med fleire hint av musikken til inspirasjonskjeldene sine.[3] Songane er hovudsakleg skrivne av Petty og Lynne, som òg var produsent på albumet. Albumet vart ein stor suksess og nådde tredjeplassen på Billboard 200 og selde til 5× platina i USA og 6× platina i Canada.[4][5][6]

Innhaldsliste

Bakgrunn og innspelingEndra

Petty var nettopp ferdig med turneen etter albumet Let Me Up (I've Had Enough) då han valte å spele inn eit soloalbum utan the Heartbreakers (på liknande vis som Bruce Springsteen hadde gjort med The E Street Band på den tida).[1] Dette skapte noko uro i the Heartbreakers, men alle utanom trommeslagaren Stan Lynch medverka på albumet.[1] Mange av venene til Petty deltok på albumet, som heile Traveling Wilburys utanom Bob Dylan.[1] Albumet vart spelt inn i ein avslappa atmosfære i garasjestudioet til Mike Campbell, og Petty har seinare sagt det var den kjekkaste innspelinga han har spelt på.[7] Innspelinga av Full Moon Fever kring same tida som det første Wilburys-albumet. Eit par songar vart spelte inn som ikkje kom med på det endelege albumet, «Down the Line» og «Don't Treat Me Like A Stranger» var av desse, og dei vart gjevne ut som B-sider. «Traveling» og «Waiting for Tonight» vart gjevne ut på Playback, den færste med heile the Heartbreakers, inkludert Stan Lynch, og den siste med The Bangles. Under desse innspelingane skreiv Petty «Indiana Girl», ei tidleg utgåve av songen som vart «Mary Jane's Last Dance». The Heartbreakers spelte fleire av songane på konsertar, og Benmont Tench og Howie Epstein var ikkje nøgd med dette i starten. Stan Lynch hata det og slutta etter bandet kort tid etter, sa han følte han spelte i eit coverband.

Musikalsk stil og temaEndra

Albumet er kraftig påverka av Jeff Lynne, noko som gav ein reinare og glattare versjon av rootsrocken til the Heartbreakers frå tidlegare album.[1][2] Lynne nytta lag på lag med klaverinstrument og korvokal, og gav musikken ei Beatles-aktig kjensle.[1][2] Petty syner inspirasjonskjeldene sine på songane med ein versjon av Byrds-songen «I'll Feel a Whole Lot Better» og med eit hint av Del Shannon i «Runnin' Down a Dream». Andre songar som «Free Fallin'» handlar om nostalgien til Petty i det han vart kjent musikar. «A Mind With a Heart of Its Own» nyttar ein Bo Diddley-rytme.[3]

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
BBC Music(positiv)[3]
Blender     
Chicago Tribune    [8]
Robert ChristgauB+[9]
The Essential Rock Discography7/10[10]
Los Angeles Times    [11]
MusicHound     [12]
The New York Times(favorable)[13]
People(favorable)[14]
Rolling Stone     [1]
Virgin Encyclopedia of Popular Music     [15]

Albumet vart det kommersielle høgdepunktet til Petty i karrieren hans, godt hjelpt av gode meldingar og tre hitsinglar.[16] Albumet kom ut 24. april 1989 og nådde tredjeplassen på Billboard 200 i USA og åttandeplassen i Storbritannia.[4][17] Det vart gjeve ut fem singlar frå albumet. To av dei nådde topp 20 på Billboard Hot 100 og tre toppa Mainstream Rock-lista.[4] Full Moon Fever selde til 5x platina i USA og 6x platina i Canada.[5][6]

Albumet fekk generelt god kritikk. AllMusic meinte albumet var like bra som the Heartbreakers sitt Damn the Torpedoes.[2] Meldinga seier at det ikkje finst dårlege songar på albumet og kalla det «eit lite meisterverk».[2] Den originale meldinga i Rolling Stone samanlikna det med debutplata til Traveling Wilburys, Traveling Wilburys Vol. 1, og sa det hadde «den same rastlause sjarmen», men sa òg at Full Moon Fever stundom går litt i «forskjellige retningar».[1] Ein seinare skribent i Rolling Stone kalla Full Moon Fever eit «meisterleg soloalbum».[18] Albumet vart rangert på 92. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra.[7]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Tom Petty og Jeff Lynne, utaom der andre er nemnde[2]

# Tittel Lengd
1. «Free Fallin'»   4:14
2. «I Won't Back Down»   2:56
3. «Love Is a Long Road» (Mike Campbell, Petty) 4:06
4. «A Face in the Crowd»   3:58
5. «Runnin' Down a Dream» (Campbell, Lynne, Petty) 4:23
6. «I'll Feel a Whole Lot Better» (Gene Clark) 2:47
7. «Yer So Bad»   3:05
8. «Depending on You» (Petty) 2:47
9. «The Apartment Song» (Petty) 2:31
10. «Alright for Now» (Petty) 2:00
11. «A Mind with a Heart of Its Own»   3:29
12. «Zombie Zoo»   2:56

Den originale, amerikanske CD-utgåva hadde eit løynd spor etter spor 6, der ein på LP- og kassettutgåva måtte snu sida for å halde fram. [19] Sporet inneheld ein liten kort monolog frå Petty der han seier: «Hello, CD listeners. We've come to the point in this album where those listening on cassette, or record, will have to stand up, or sit down, and turn over the record, or tape. In fairness to those listeners, we'll now take a few seconds before we begin side two. [pause] Thank you. Here's side two.».

MedverkandeEndra

Andre musikarar
  • George Harrison – akustisk gitar og korvokal på «I Won't Back Down»
  • Jim Keltner – trommer, maracas og tamburin på «Love Is a Long Road»
  • Howie Epstein – korvokal on «I Won't Back Down» and «Love Is a Long Road»
  • Benmont Tenchpiano on «The Apartment Song»
  • Roy Orbison – korvokal on «Zombie Zoo»
  • Kelsey Campbell – korvokal on «Zombie Zoo»
  • Alan Weidel, Jeff Lynne, Tom Petty – Handklapping på «I'll Feel a Whole Lot Better»
  • Del Shannon – gårdsplasslydar på «Hello, CD listeners …»
  • Ringo Starr[20] – deltok ikkje på albumet, men er med i videoen til «I Won't Back Down» som trommeslagaren på songen.
Produksjons
  • Produsert av Jeff Lynne med Tom Petty og Mike Campbell
  • Lydteknikarar: Mike Campbell, Don Smith, Bill Bottrell og Dennis Kirk på «Love Is a Long Road»
  • Assisterande lydteknikar: Alan «Bugs» Weidel
  • Mastera av Steve Hall

SinglarEndra

År Singel Billboard[4]
Hot 100 Mainstream
Rock Tracks
Modern
Rock Tracks
Adult
Contemporary
1989 «I Won't Back Down» 12 1 29
«Runnin' Down a Dream» 23 1
«Free Fallin'» 7 1 17
«Feel a Whole Lot Better» 18
«Love Is a Long Road» 7
1990 «A Face in the Crowd» 46 5
«Yer So Bad» 5

ListerEndra

VekesplasseringEndra

Liste (1989) Plassering
Australian ARIA Album Chart[21] 13
Kanadiske Album Chart[22] 3
Nederlandske Mega Album Chart[23] 62
Tyske Media Control-lista [24] 41
New Zealand [25] 5
Norske VG-lista[26] 2
Sverigetopplistan[27] 2
UK Album Chart [17] 8
USA Billboard 200[4] 3

ÅrslisterEndra

Liste (1989) Plassering
Kanadiske Album Chart[28] 7
U.S. Billboard 200[29] 19
Liste (1990) Plassering
Kanadiske Album Chart[30] 52
U.S. Billboard 200[31] 22

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Guterman, Jimmy (4. mai 1989). «Full Moon Fever». Rolling Stone. Henta 14. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Erlewine, Stephen Thomas. «Full Moon Fever - Tom Petty». Allmusic. Henta 14. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Jones, Chris (9. januar 2009). «Review of Tom Petty - Full Moon Fever». BBC. Henta 14. mars 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Allmusic: Full Moon Fever : Charts & Awards : Billboard Album». allmusic.com. Henta 11. mars 2015. 
  5. 5,0 5,1 «RIAA Searchable Database». RIAA. Henta 14. mars 2015. 
  6. 6,0 6,1 «CRIA Searchable Database». CRIA. Henta 14. mars 2015. 
  7. 7,0 7,1 The Editors (16. november 1989). «The 100 Best Album of the 1980's». Rolling Stone (565). 
  8. Silverman, David (11. mai 1989). «Tom Petty Full Moon Fever (MCA)». Chicago Tribune. Henta 14. mars 2015. 
  9. «Robert Christgau: CG: tom petty». robertchristgau.com. 
  10. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9. 
  11. Willman, Chris (23. april 1989). «Record Rack: Petty Laughs Last on 'Full Moon Fever'». Los Angeles Times. Henta 14. mars 2015. 
  12. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2. 
  13. John, Parales (30. april 1989). «HOME ENTERTAINMENT/RECORDINGS: RECENT RELEASES». nytimes.com. The New York Times. Henta 31. august 2013. 
  14. «Picks and Pans Review: Full Moon Fever». People. 29. mai 1989. Henta 11. november 2013. 
  15. «Tom Petty Full Moon Fever». Acclaimed Music. Henta 11. mars 2015. 
  16. «AllMusic Tom Petty Bio». AllMusic. Henta 14. mars 2015. 
  17. 17,0 17,1 «Tom Petty: Artist: Official Charts». UK Album Chart. Henta 14. mars 2015. 
  18. «Rolling Stone Bio». Rolling Stone magazine. Henta 14. mars 2015. 
  19. Wagner, Nichole (3. juni 2008). «Roundup: Hidden Tracks». Henta 15. juli 2014.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  20. «Tom Petty And The Heartbreakers - I Won't Back Down». YouTube. 13 December 2009. 
  21. «australian-charts.com Tom Petty - Full Moon Fever». Australian Recording Industry Association. Henta 14. mars 2015. 
  22. «Top Album/CDs - Volume 50, No. 15» (PHP). RPM. 7. august 1989. Henta 11. mars 2015. 
  23. «dutchcharts.nl Tom Petty - Full Moon Fever». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 14. mars 2015. 
  24. «Tom Petty - Full Moon Fever» (på German). Media Control. Henta 14. mars 2015. 
  25. «charts.org.nz —Tom Petty - Full Moon Fever». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. mars 2015. 
  26. «norwegiancharts.com». VG-lista. Henta 14. mars 2015. 
  27. «swedishcharts.com Tom Petty - Full Moon Fever» (på Swedish). Sverigetopplistan. Henta 14. mars 2015. 
  28. «RPM Top 100 Album of 1989». RPM. 23. desember 1989. Henta 14. mars 2015. 
  29. «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1989». Arkivert frå originalen 2012-07-21. Henta 14. mars 2015. 
  30. «Top 100 Album of 1990». RPM. 23. desember 1989. Henta 14. mars 2015. 
  31. «Billboard.BIZ - Year-end Charts - Billboard 200 - 1990». billboard.biz. Henta 18. september 2011.