Inuvialuit Settlement Region

Inuvialuit Settlement Region, forkorta ISR (inuinnaqtun Inuvialuit Nunangit Sannaiqtuaq, INS; fransk Région désignée des Inuvialuit – RDI), er eit område vest i Arktis i Canada. Området blei oppretta i 1984 gjennom Inuvialuit Final Agreement av dei kanadiske styresmaktene for inuvialuitfolk. Det dekkjer 90 650 kvadratkilometer (35 000 sq mi) land,[1] det meste over tregrensa, og har fleire underregionar: Beauforthavet, elvedeltaet til Mackenzieelva, norddelen av Yukon («Yukon North Slope») og nordvestdelen av Nordvestterritoria.[2] ISR omfattar både krongods og land som har status som Inuvialuit Private Lands.

Inuvialuit Settlement Region
region
Land  Canada
Kart
Inuvialuit Settlement Region
68°21′42″N 133°43′50″W / 68.361666666667°N 133.73055555556°W / 68.361666666667; -133.73055555556

ISR er ein av fire inuittiske regionar i Canada, som saman er kjende som Inuit Nunangat[3] og representert av Inuit Tapiriit Kanatami (ITK). Dei andre regionane er Nunatsiavut i Labrador, Nunavik i Nord-Quebec og territoriet Nunavut.[4]

Ved den kanadiske folketeljinga i 2016 var folkesetnaden i ISR 5336 folk. 3110 av dei var inuvialuitfolk, og utgjorde majoriteten i alle dei seks busetnadane.[5] Der er ingen slike busetnader i Yukon North Slope. Av dei seks fellesbusetnadane i ISR ligg alle i Nordvestterritoria,[6] og dannar saman med Fort McPherson og Tsiigehtchic regionen Inuvik.[7]

Inuvik ligg aust i Mackenzie-deltaet, rundt 100 kilometer (62 mi) unna Polhavet, og er administrasjonssenter i regionen. Han husar Inuvialuit Regional Corporation. Den einaste andre busetnaden i innlandet, Aklavik, ligg ved Peel Channel. Jakt, fiske og fangst er dei viktigaste næringvegane i Paulatuk i Amundsenbukta og Sachs Harbour, den einaste permanente busetnaden på Banksøya. Tuktoyaktuk, tidlegare kalla Port Brabant, ligg ved Kugmallitbukta nær Mackenzie elvedelta. Denne busetnaden har den einaste djupvasshamna i ISR. Ulukhaktok, tidlegare kalla Holman, ligg på vestkysten av øya Kitlineq. Herschel Island, som er folketom, høyrer til ISR sjølv om ho ligg i Yukon og tradisjonelt blei brukt av inuvialuitfolk.

Engelsk blir tala i heile regionen. I tillegg blir det snakka siglitun i Paulatuk, Sachs Harbour og Tuktoyaktuk. Uummarmiutun blir tala i Inuvik og Aklavik. Inuinnaqtun blir tala i Ulukhaktok, og ingen andre stader i Nordvestterritoria.[8] Saman er språka kjende som inuvialuktun.

Kjelder

endre
  1. «Concluding and Implementing Land Claim and Self-Government Agreements». Government of Northwest Territories. Henta 2. mars 2018. 
  2. Berkes, Fikret; Rob Huebert; Helen Fast; Alan Diduck; Micheline Manseau (2005). Breaking Ice: Renewable Resource and Ocean Management in the Canadian North. Arctic Institute of North America. University of Calgary Press. s. 95. ISBN 1-55238-159-5. 
  3. Maps of Inuit Nunangat (Inuit Regions of Canada) Arkivert 2015-05-18 ved Wayback Machine.
  4. «Inuit Tapiriit Kanatami (ITK) is the national Inuit organization in Canada». itk.ca. Henta 17. mars 2009. 
  5. «Aboriginal Population Profile, 2016 Census Inuvialuit region [Inuit region], Northwest Territories». Statistics Canada. April 13, 2016. Henta April 13, 2016. 
  6. Berkes, p. 123
  7. «Administrative Regions of the NWT» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013. Henta 28. oktober 2013. 
  8. Balanoff, Helen; Cynthia Chambers; Alice Kaodloak; Emily Kudlak (2006). «"This is the way we were told": Multiple literacies in Ulukhaktok, Northwest Territories» (PDF). Presented at the 15th International Inuit Studies Conference. nwt.literacy.ca. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 24. mars 2009. Henta 17. mars 2009.