Alvefuglar
Dei to artane av alvefuglar er små fuglar funne i skog og plantasjar i tropiske sørlege Asia og Filippinane. Dei er dei einaste medlemmene i den biologiske slekta Irena og familien Irenidae, og er nærskylde med lauvfuglar og bladfuglar.
Alvefuglar | |
Blåalvefugl, I. puella Foto: Aaron Logan
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av alvefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Alvefuglar Irenidae |
Slekt: | Alvefuglar Irena Horsfield, 1821 |
Skildring
endreDesse bylbyl-liknande fuglane lever i open skog eller i tornekratt, men medan bylbylar har tendens til å ha lite friske farger i fjørdrakta, viser alvefuglar er kjønnsdimorfisme, hannar mørk blå i fjørdrakta, og hoene avdempa grøne.
Føda til alvefuglar er mest frukt, særleg fiken, og kanskje nokre insekt. Dei legg to til tre egg i reir i tre.
Læte frå blåalvefugl er eit flytande 'glu-it' i to tonar.
Morfologi
endreAlvefuglar er robuste fuglar som liknar pirolar i form og storleik. Hannar er større enn hoene, og dei to artane veg mellom 50-100 g, noko av variasjonen skuldast kjønnsskilnader, og noko geografisk variasjon.[1] Det finst skilnader i storleik hos begge artane som svarar til bergmannregelen, det vil seie dei nordlegaste populasjonane blir noko større i gjennomsnitt enn dei sørlege av same art. Begge artane har eit kraftig, djupt nebb egna til knusing, koboltalvefugl har størst. Føtene deira er små, noko som tyder på at dei brukar mindre tid klatring for å søkje føde, og meir tid i flukt.
Fjørdrakta av alvefuglar er spesiell, med oversida i djupt, fyldig blått. Blåalvefugl syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, med hannfuglen langt ljosare enn den hoa. Hos koboltalvefugl er skilnaden mykje mindre, hoa er nesten like sterk i farga som hannen. Den djupe farga er gjeven av spesialiserte nakne fjørstrålar. Sjølv om alvefuglar er svært synlege i sollys er dei er mykje meir anonyme i skogskuggen.
Distribusjon og habitat
endreBlåalvefugl har ein usamanhengjande distribusjon frå India til Java og Vietnam. I India finst han i sørvestre delar av landet og i nordaust. Frå Burma har han ein kontinuerleg utbreiing i eigna habitat gjennom det meste av Søraust-Asia, og ned i Borneo og Sumatra, og dessutan på Andamanøyane. Arten er ikkje påvist på Sri Lanka sidan 1870-talet. Koboltalvefugl finst på øyane Luzon, Polillo, Leyte, Samar, Mindanao, Dinagat og Basilan.
Alvefuglar er avhengige av frukta dei finn i skog, men begge artane synast å eksistere i eit breitt spekter av skog, både eviggrøn og halvt eviggrøn. Innanfor skogar lever dei vanlegvis i trekrona.
Levevis
endreDesse fuglane streifar vidt parvis eller i små grupper for å søkje føde. Frukt, særleg fiken i slekta Ficus, er det viktigaste elementet i dietten hos alvefuglar. Alvefuglar vil som regel ete frukta av ein viss storleik, og vil knuse større frukter for å gjere dei handterlege. Det meste av maten tar dei i trekrona. I India er det observert at dei kan supplere med bær og nektar til kosten. I motsetnad til vaksne, har ungane insekt som vektigaste komponenten i kosten. I Filippinane har alvefuglar vore observert i å følgje etter makakar, moglegvis for å jakte oppskremte insekt.[2]
Artar
endre- Blåalvefugl, Irena puella, leveområdet er heile Sør-Asia
- Koboltalvefugl, Irena cyanogastra, isolert på øyane i Filippinane
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fairy-bluebird» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2010
Referansar
endre- ↑ Wells, D. (2005) Family Irenidae Pp. 268-277 in del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2005). Handbook of the Birds of the World. Volume 10: Cuckoo-Shrikes to Thrushes. Lynx Edicions. ISBN 8487334725
- ↑ Ken Stott, Jr. (1947) Fairy Bluebird: Long-Tailed Macaque Association on Mindanao Auk 64 (1): 130
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar av alvefuglar hos Internet Bird Collection