Irokesiske språk
Irokesiske språk er ein nordamerikansk språkfamilie som mellom anna cherokesisk, mohawk og det utdøydde mingospråket høyrer til.
Irokesiske språk | ||
Vidare inndeling: |
| |
Område: | Austlege Nord-Amerika | |
Glottolog: | iroq1247 | |
ISO 639-2/5: | iro | |
ISO 639-5: | iro | |
|
Språkfamilien består av 9 språk, i tillegg til åtte eller fleires språk som vart snakka ved tida for kontakt med europearane[1]. Cirka halvdelen av språka i familien har altså døydd ut etter at europearane kom til Nord-Amerika.
Inndeling
endreSpråkfamilien kan delast i to greiner: Sørirokesisk, som består av cherokesisk, og nordirokesisk, som består av seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk, wendat (huron), wyandot (petun), og tuscarora. Den indre inndelinga av nordirokesisk er omstridd (sjå Julian 2010, Schillaci m.f. op.cit.), men alle er samd om å gruppere oneida og mohawk i lag.
Schillaci har følgjande inndeling, der hovudgruppene er ordna frå nord til sør, og undergruppene frå aust til vest:
Nordirokesisk |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sørirokesisk | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Grammatiske særtrekk
endreDei irokesiske språka markerer grammatiske relasjonar på verbet, som kongruerer med subjektet og objektet i person og numerus, til skilnad frå t.d. indoeuropeiske språk, der grammatiske relasjonar blir markert med kasus på substantiva. Substantivmorfologien i dei irokesiske språka er enkel[2].
Kjelder
endreLitteratur
endre- Julian, Charles 2010. A history of the Iroquoian languages. (Doctoral dissertation, University of Manitoba; 596pp.)
- Mithun, Marianne 2015: Grammaticalization and Polysynthesis: Iroquoian Arkivert 2020-02-14 ved Wayback Machine.
- Schillaci, Michael A, Craig Kopris, Søren Wichmann og Genevieve Dewar 2017: Linguistic Clues to Iroquoian Prehistory. Journal of anthropological research 73 (3) DOI: 10.1086/693055.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |