Iryna Leonidivna Taranenko, gift Terela, (fødd 31. mars 1966) er ein ukrainsk tidlegare langrennar frå Derhatsji i Kharkiv oblast. Ho vann bronsemedaljen på jaktstarten under Ski-VM 1999 i Ramsau am Dachstein.

Iryna Taranenko
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 31. mars 1966 (58 år)
Derhatsji
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003

Aktiv

endre

Taranenko deltok i tida 1993-2003 i alle dei store langrenns-meisterskapane. I Ski-VM 1993 i Falun kom ho på niandeplassen på tremila, fire år seinare vart ho nummer 11 på same distansen då verdsmeisterskapen fann stad i Trondheim. Sesongane 1998 og 1999 blanda Taranenko seg inn i medaljestriden i fleire av tevlingane under Vinter-OL i Nagano og i verdsmeisterskapen i Ramsau. I Nagano kleiv ho frå startnummer 11. til 4. plass på jaktstarten, ho vart også nummer 4 på 15 km. I verdsmeisterskapen 1999 i Ramsau vart ho nummer 7 på 5 km, før ho på jaktstarten sikra seg bronsemedaljen, bak Stefania Belmondo frå Italia og Nina Gavriljuk frå Russland. Taranenko avslutta Ramsau-VM med å verte nummer 5 på tremila. Etter 1999 makta ho ikkje å markere seg øvst på resultatlistene, niandeplassen på 15 km under vinterleikane 2002 i Salt Lake City var hennar beste meisterskapsprestasjon.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre