Islandsnattfiolslekta
planteslekt
Islandsnattfiolslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Limnorchis | ||
Vitskapleg namn | |||
Limnorchis
Rydb.
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Island, Grønland, Nord-Amerika |
Islandsnattfiolslekta (Limnorchis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Slekta er ikkje representert i Noreg.
Systematikk
endreDet er usemje mellom forskarar om tilhøvet mellom nattfiolslekta Platanthera s.s. (sensu stricto – i snever meining) og andre nærståande slekter.[2][3] I Noreg er sibirnattfiolslekta Lysiella og islandsnattfiolslekta Limnorchis skilde ut som eigne slekter.[4] I nabolanda og i mange andre klassifiseringar blir båe desse og fleire rekna å høyre til nattfiolslekta Platanthera s.l. (sensu lato – i vid meining), slik ein tidlegare gjorde i Noreg.[5]
Utbreiing
endreBerre ein av artane som blir rekna til slekta Limnorchis, har ei utbreiing utanom Nord-Amerika. På Grønland og Island finn vi:
- islandsnattfiol (L. hyperborea, [Platanthera hyperborea]), på Island (LC),[6] på Grønland (LC)[7]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Islandsnattfiolslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ Richard Bateman mfl. (2009). «Molecular phylogenetics and morphological reappraisal of the Platanthera clade (Orchidaceae: Orchidinae) prompts expansion of the generic limits of Galearis and Platanthera» (PDF). Annals of Botany 104 (3): 431–445. ISSN 1095-8290. doi:10.1093/aob/mcp089.
- ↑ Petr G. Efimov (2011). «An intriguing morphological variability of Platanthera s.l.» (PDF). European Journal of Environmental Sciences 1 (2): 125–136. ISSN 2336-1964. doi:10.14712/23361964.2015.55.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre islandsnattfiolslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «PoWO: Platanthera». Plants of the World Online. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Friggjargras (Platanthera hyperborea)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 2. mars 2022.
- ↑ «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 2. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) islandsnattfiolslekta hos Artsdatabanken
- (en) islandsnattfiolslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (en) islandsnattfiolslekta hos The International Plant Names Index
- (en) islandsnattfiolslekta hos Tropicos