Islandsnattfiol

planteart
Islandsnattfiol

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Limnorchis
Art: L. hyperborea
Vitskapleg namn
Limnorchis hyperborea
(Linné) Rydb.
Økologi
Utbreiing: Island, Grønland, Nord-Amerika

Islandsnattfiol (Limnorchis hyperborea) er ei plante i islandsnattfiolslekta Limnorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk

endre

I Noreg blir islandsnattfiol rekna til slekta Limnorchis, som har nokre titals artar på verdsbasis, men berre denne eine utanom Nord-Amerika.[2] I nabolanda og i mange andre klassifiseringar blir arten rekna å høyre til nattfiolslekta Platanthera med namnet P. hyperborea.[3][4]

Utbreiing

endre

Arten er ganske vanleg både på Island og Grønland, og arten er rekna som livskratig (LC) båe stadene.[5][6][7] Det islandske namnet er friggjargras, det danske grønlandsk gøgelilje og det grønlandske asiarpak.

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar islandsnattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre islandsnattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  3. Bo Mossberg og Lennart Stenberg (2018). Gyldendals store nordiske flora. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 109. ISBN 978-82-05-51139-2. 
  4. «PoWO: Platanthera hyperborea». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024. 
  5. «Friggjargras (Platanthera hyperborea)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023. 
  6. «Platanthera hyperborea». Global Biodiversity Information Facility. Henta 6. mars 2022. 
  7. «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 2. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre