Ismailia

(Omdirigert frå Ismaïlia)

Ismailia er ein egyptisk by som ligg på vestbreidda av Suezkanalen og er provinshovudstad i Ismailia guvernement. Han ligg ved saltsjøen Timsah, ein av Bittersjøane, midt mellom Port Said i nord og Suez i sør og 120 kilometer nordaust for Kairo. Byen hadde eit folketal på 293 184 innbyggjarar i 2006, rekna til 386 372 i 2017.[1]

Ismailia
Administrativ bygning i Ismailia
Flagg
Land  Egypt
Areal 68,8 km²
Folketal 113 937
Tidssone UTC+2
Kart
Ismailia
30°34′0″ N 32°16′0″ E
Wikimedia Commons: Ismailia
Ismailia jernbanestasjon

Byen blei grunnlagd i 1863 av den franske ingeniøren Ferdinand de Lesseps med namnet Timsah. Kort tid seinare fekk han namn etter den egyptiske visekongen Ismail Pasja.

Ismailia er forbunde med Kairo av ein over 128 kilometer lang seglbar ferskvasskanal, den såkalla Ismailia-kanalen. I nærleiken av byen ligg El-Ferdan-brua, verdas lengste svingbru,[2] med eit strekk på 340 meter. Brua er ikkje lenger verksam grunna utvidinga av kanalen.

Ismailia krigskyrkjegard blei utforma i 1919 av den skotske arkitekten Robert Lorimer.[3]

I løpet av andre verdskrigen hadde Storbritannia ein flybase her. Slaget ved Romani mellom egyptiske og israelske styrkar fann stad i nærleiken mellom 18. og 22. oktober 1973.[4]

Sidan 1976 har byen husa Suezkanalen-universitetet.

Kjelder endre

  1. «Al-Ismā'īliyah (Ismaïlia)», City Population
  2. «El Ferdan Swing Bridge», Structurae. Nicolas Janberg Internet Content Services. 1998–2011.
  3. «Robert Lorimer» Arkivert 2022-02-07 ved Wayback Machine., Dictionary of Scottish Architects
  4. Anderson, Raymond H. (30.desember 1973): 5‐Hour Battle is Reported On Egyptian‐Israeli Front, New York Times