Isostasi er eit geologisk omgrep for tendensen jordskorpa har til å gå mot ein tilstand av jamvekt. Som regel vil den ytre, harde litosfæren og den lågare, seigtflytande astenosfæren gå mot jamvekt ved at jordskorpeplatene «flyt» i ei viss høgd som passer tjukna og tettheiten deira. Dette vil seia at ein kan rekna med at vekta av ein bergartsøyle ned til ei djupne på 100 km er den same overalt. Under fjellkjeder som stikk høgt opp vil det vera lette bergartar, og under djupe havområde vil det vera tyngre bergartar.

Endringar av område, til dømes lette gjennom erosjon eller nedtynging gjennom avsetting av sediment, vil over tid føra til isostatisk senking eller heving mot ei ny jamvekt. Dette er ein prosess som kan taka fleire tusen år. Der landet var isa ned under istidene, har det i ettertid vore isostatisk landheving. I heile Skandinavia har det vore isostatisk landheving sidan siste istida, men størst har han vore der isen var tjukkast: i Ångermanland nord i Sverige. Der har landet stige 800 meter sidan isen trykte det mest ned, og det er rekna det skal stiga 50 - 100 meter til dei neste 10 000 åra. Der isen var tynnare, har det vore mindre isostatisk landheving, og den nye jamvekta er gjerne kome til.

Kjelder endre

  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.