Issyk-Kul

(Omdirigert frå Issyk Kul)

Issyk-Kul (også Ysyk Köl og Issyk-kol) er den største innsjøen i Kirgisistan og det nest største fjellvatnet i verda, etter Titicaca. Sjøen ligg 1 602 meter over havet, i Tian Shan-fjella nordvest i landet. Han er 180 km lang, 60 km brei, og den største djupna er på 702 meter.

Satellittbilde av sjøen frå 1992. (Kjelde: NASA)

Issyk-Kul tyder 'varm sjø', og han frys sjeldan om vinteren sjølv om lufttemperaturen då kan synka heilt ned till -40 °C. Dette kjem av at vatnet er noko salthaldig. Vatn frå bekkar og smelta snø renn ut i innsjøen, som i dag ikkje har noko utløp.

Menneske og innsjø endre

 
Strand ved Issyk-Kul.
Foto: Máté Soós

Ved austsida av Issyk-Kul ligg byen Karakol (tidlegare Przhevalsk), regionshovudstaden i Issyk-Kul oblast. Ein har funne restar av ein gammal, sunken by i Issyk-Kul, men ein har foreløpig ikkje utført omfattande arkeologiske utgravingar.

Under sovjettida var sjøen eit viktig turistmål, og ein hemmeleg utprøvingsstad for torpedoar.

Økologi endre

Det blei sett ut sevan-aure i Issyk-Kul på 1970-talet. Fiskeslaget kjem frå Sevansjøen i Armenia, der det er truga. I Issyk-Kul har fiskane derimot klart seg godt, slik at bestanden av opphavlege fiskar der har gått ned.

Soger knytte til innsjøen endre

Ei vanleg islamsk soge om ein konge som hadde eseløyre er knytt til innsjøen. Kongen heldt skavanken sin hemmeleg, og for å hindra barberane sine i å røpa han fekk han dei avretta etter utført arbeid. Ein av barberane blei så fylt av denne kunnskapen at han ropte det ned i ein brønn, som han meinte òg ville halda på løyndommen. Men han lukka ikkje brønnen etter seg, og vatnet steig og dekte heile kongeriket. Det ligg der den dag i dag, som innsjøen Issyk-Kul.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Issyk-Kul