Isterdalen
Isterdalen er eit dalføre mellom høge fjell i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Den går frå Åndalsnes i nord til Stigrøra i sør. Gjennom dalen renn elva Istra.
Lengst i nord er dalen ganske brei og er dyrka opp til jordbruksformål. Brønnsletta er eit større bustadfelt. Midt i dalen ligg Trollstigen Camping og Gjestegård, omgitt av eit større skogs- og myrområde der husdyr beiter om sommaren. Lengst i sør er dalen smalare og består av blanda lauvskog og dei bratte liene består av mykje stein (steinur) som har falle ned frå fjellet.
Riksveg 63 går gjennom Isterdalen. Trollstigvegen ligg lengst inn i dalen og går opp Stigrøra. Den har elleve hårnålssvingar, kvar med en radius på cirka 10 meter. Omtrent midtvegs går ei bru over den 180 meter høge Stigfossen. Trollstigvegen er ein av Noregs best besøkte turistattraksjonar.
Isterdalen er omkransa av fleire høge fjell på godt over 1000 meter. Mellom dei mest kjente er Dronninga, Kongen og Bispen på vestsida av dalen. Mot aust ser ein «baksida» av Trolltindene med Trollveggen.