Istra i Romsdal
(Omdirigert frå Istra (Romsdal))
Istra er ei sideelv til Rauma med ei lengde på 17 km.[1]
Istra | |||
elv | |||
Trollstigvegen kryssar Istra nedanfor Stigfossen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 66 km² | ||
Renn gjennom | Rauma i Møre og Romsdal | ||
Lengd | 17 km | ||
Middelvassføring | 3,1 m³/s | ||
Kjelde | Reinheimen | ||
• høgd | 1 793 moh. | ||
Munning | Rauma ved Åndalsnes | ||
Istra i Romsdal 62°32′39″N 7°42′04″E / 62.5441°N 7.7011°E | |||
Wikimedia Commons: Istra River, Norway |
Elva har sitt utspring i Reinheimen og renn nordover gjennom Isterdalen til ho munnar ut i Rauma om lag 3 km før utløpet i Isfjorden ved Veblungsnes nær Åndalsnes.
Istra har ei lakseførande strekning på 10 km og er ei sjøaureelv.
Elva vart verna i Verneplan III, seinare vart Raumavassdraget verna i Verneplan IV.[2]
Ifølge moderne språkforsking kan opphavet til elvenamnet vere ei hypotetisk indoeuropesk språkrot der es eller is tydde vatn, òg flytande, men at ordet seinare fekk den snevrare tydinga «vatn i fast form».
Andre europeiske elvenamn som kan ha same språklege opphav:
Referansar
endre- ↑ Istra i St.prp. nr. 89 (1984-85)[daud lenkje]
- ↑ Raumavassdraget på NVE, arkivert frå originalen 27. februar 2005, henta 20. september 2010
Litteratur
endre- Egon Kühebacher, Die Ortsnamen Südtirols und ihre Geschichte, bd. 2, Bozen 1995, s. 59-61 (med språkhistoriske forklaringer, utdypende litteratur og dokumentbelegg).