Opna hovudmenyen
It's Hard
Studioalbum av The Who
Utgjeve 4. september 1982
Innspelt Juni 1982
Studio Turn Up-Down Studio heime hos Glyn Johns i Surrey i England
Sjanger
Lengd 49:06
Selskap
Produsent Glyn Johns
The Who-kronologi
Hooligans
(1981)
It's Hard Who's Greatest Hits
(1983)


Singlar frå It's Hard
  1. «Athena»
    Utgjeve: 4. september 1982
  2. «Eminence Front»
    Utgjeve: 25. desember 1982
  3. «It's Hard»
    Utgjeve: Februar 1983

It's Hard er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det er det siste Who-albumet med bassisten John Entwistle og trommeslagar Kenney Jones, samt det siste Who-albumet på Warner Bros. Records i USA. Det kom ut i 1982 på Polydor i Storbritannia og nådde 11. plass her. I USA nådde det åttande plass.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC[2]
MusicHound1/5[3]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

HistorieEndra

Det finst to ulike syn på It's Hard. Enkelte meiner at albumet var inspirert av det harde politiske klimaet tidleg i 1980-åra, medan andre berre ser på albumet som eitt The Who måtte gje ut for å oppfylle kontrakten sin med det amerikanske plateselskapet. Albumet fekk òg delt mottaking i musikkpressa, enkelte gav det dårleg kritikk, medan det fekk fem av fem stjerner i musikkmagasinet Rolling Stone.

Den første songen «Athena» er ein av dei få songane som vart godt motteken på albumet. Denne songen vart gjeven ut som singel og nådde 28. plass på den amerikanske singellista. I seinare år har songen «Eminence Front» vorte trekt fram som ein av dei mest kritikarroste i songkatalogen til bandet.

Albumomslaget vart utforma av Graham Hughes, og syner ein ung gut som speler eit arkadespel, ein referanse til rockeoperaen Tommy, der hovudkarakteren spelar flipparspel. Townshend kritiserte albumet kort tid etter det kom ut.

I 1997 gav MCA ut ei nymastra utgåve av albumet med nye miksar av «Athena» og «Eminence Front».

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Athena»   3:46
2. «It's Your Turn» (John Entwistle) 3:39
3. «Cooks County»   3:51
4. «It's Hard»   3:47
5. «Dangerous» (John Entwistle) 3:36
6. «Eminence Front»   5:39
Side to
# Tittel Lengd
7. «I've Known No War»   5:56
8. «One Life's Enough»   2:22
9. «One at a Time» (John Entwistle) 3:20
10. «Why Did I Fall for That»   3:56
11. «A Man Is a Man»   3:56
12. «Cry If You Want»   5:18

Bonusspor på 1997-utgåva av albumet var fire konsertopptak frå Toronto den 17. desember 1982.

Bonusspor på 1997-utgåva
# Tittel Lengd
13. «It's Hard»   4:56
14. «Eminence Front»   5:37
15. «Dangerous»   3:48
16. «Cry If You Want»   7:12

MedverkandeEndra

The WhoEndra

  • Roger Daltrey – solovokal, rytmegitar, korvokal på «Eminence Front» og «One at a Time»
  • Pete Townshend – sologitar, korvokal, solovokal på «Eminence Front», felles solovokal på «Athena» og «Cooks County»
  • John Entwistle – bass, korvokal, solovokal på «One at a Time»
  • Kenney Jones – trommer

Andre medverkandeEndra

ProduksjonEndra

SalslisterEndra

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[11] Gull 50 000^
USA (RIAA)[12] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «The Who – It's Hard». AllMusic. Henta 8. oktober 2019. 
  2. «CG: the who». Robert Christgau. Henta 25. februar 2012. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Parke Puterbaugh (30. september 1982). «It's Hard | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 25. februar 2012. 
  5. «The Who: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2011. Henta 6. oktober 2019. 
  6. https://petetownshend.net/news/exclusive-new-interview-with-tim-gorman
  7. Kent, David. Australian Chart Books 1940–2005. 
  8. «Dutch Chart». dutchcharts.nl. Henta 25. juli 2016. 
  9. «Norwegian Chart». norwegiancharts.com. Henta 25. juli 2016. 
  10. «Swedish Chart». swedishcharts.com. Henta 25. juli 2016. 
  11. «Canadian album salstrofé – The Who – It's Hard». Music Canada. 
  12. «American album salstrofé – The Who – It's Hard». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH