Heartbeat av Buddy Holly
Heartbeat Singel av Buddy Holly | ||
B-side |
«Well ... All Right» | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. november 1958 | |
Innspelt | August 1958 | |
Sjanger | Rock and roll, poprock | |
Lengd | 2:11 | |
Selskap | Coral Records | |
Låtskrivar(ar) | Bob Montgomery, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty | |
Buddy Holly-kronologi | ||
«Early in the Morning» (1958) |
Heartbeat | «It Doesn't Matter Anymore»" (1958)
|
«Heartbeat» er ein rockabillysong skriven av Bob Montgomery og Norman Petty og opphavleg spelt inn av Buddy Holly i 1958. B-sida til singelen var «Well... All Right».
«Heartbeat» var den siste singelen som kom ut medan Holly levde. Det vart ein mindre hit i USA og nådde 82. plassen på Billboard Hot 100. Singelen vart meir populær i Storbritannia og nådde 30. plassen på lista der i januar 1959 og igjen då han kom ut i april 1960.[1] I tida mellom dei to gongane singelen gjekk inn på den britiske singellista, nådde ein versjon av The England Sisters (katalognummer HMV POP 710) 33. plassen i Storbritannia.[2][3]
«Heartbeat» gjekk sidan inn på topp 10 i Storbritannia to gonger. Den første gongen var i 1975 for Showaddywaddy, med ein sjuandeplass i september det året, og igjen i 1992 då ein versjon Nick Berry spelte inn som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Heartbeat (på norsk Med hjartet på rette staden) nådde andreplassen i juni det året.[1]
Tommy Allsup spelte sologitar på denne innspelinga.
Andre versjonar av «Heartbeat»
endreVersjonar av «Heartbeat» har vore gjeve ut på album av:
- Tommy Roe (Sheila, 1962)
- Bobby Vee (I Remember Buddy Holly, 1963)
- Herman's Hermits — som opphavleg heitte The Heartbeats etter Buddy Holly-songen (Herman's Hermits on Tour, 1965)
- Dave Berry (One Dozen Berries, 1966)
- Skeeter Davis (Skeeter Sings Buddy Holly, 1967)
- Cliff Richard (Don't Stop Me Now, 1967; gjeve ut på singel i USA)
- Humble Pie (Town and Country, 1969)
- Cilla Black (It Makes Me Feel So Good, 1976)
- Denny Laine, gitarist i Wings og Moody Blues, spelte inn songen på hyllestalbumet sitt til Buddy Holly, Holly Days, produsert av Paul McCartney.
- The Knack (Get the Knack, 1979)
- The Hollies, spelte inn songen i 1980 og gav han ut på singel, men han selde dårleg.
- Ein nederlandsk versjon av «Heartbeat» vart spelt inn i 1982 av Ciska Peters.
- «Heartbeat» var tittelsporet på eit album frå 1993 av Hank Marvin. (Cliff Richard song korvokal på instrumentalsporet). Albumet til Marvin nådde 17. plassen i Storbritannia.
- Connie Francis (With Love to Buddy, 1996)
- Mike Berry (Buddy — a Life in Music, 1999)
- Speedy Sparks (OK, Let's Play, 2001)
- P.J. Proby (Sentimental Journey, 2003)
- På albumet The Crickets and Their Buddies spelte bandet til Holly, The Crickets, med Nanci Griffith på vokal, ein ny versjon av «Heartbeat».
- Black Tambourine (Black Tambourine, 2010)
- Kay Das («Shadows on Steel», 2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heartbeat (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 255. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 138. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «The Dale Sisters Discography – UK». 45cat. Henta 30. januar 2014.