Ivar B. Prestbakmo

norsk politikar

Ivar Bühring Prestbakmo (fødd 7. november 1968) er ein norsk politikar frå Salangen. Han var ordførar i Salangen frå 1999 til 2014, og fylkesordførar i Troms og Finnmark fylke frå 2020 til oktober 2021. Sidan 14. oktober 2021 har han møtt på Stortinget for Troms og Senterpartiet.

Ivar B. Prestbakmo
Fødd7. november 1968 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
EktefelleSigrun Wiggen Prestbakmo
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997)
  • ordførar i Salangen (1999–2014)
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001)
  • fylkesordførar i Troms og Finnmark (2020–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–2024)
  • statssekretær (Kunnskapsdepartementet, 2024–) Sjå dette på Wikidata

Prestbakmo møtte nokre få veker på Stortinget 1993-97 som vararepresentant for Senterpartiet i Troms. Hausten 1999 vart han direktevald til ordførar i Salangen. Han vart attvald i 2003 då Senterpartiet fekk 43 % av røystene, og på ny i 2007 med 58 % av røystene. I 2011 fekk Senterpartiet 45 % oppslutnad, og Prestbakmo heldt fram som ordførar til januar 2014.

Frå 2014 til 2019 var Prestbakmo fylkesråd for samferdsel og miljø i Troms fylkeskommune. Han fekk stillinga etter det sitjande fylkesrådet leia av Pia Svensgård frå Arbeidarpartiet gjekk i oppløysing. Dette fylkesrådet kom med framlegg om å legge ned fleire vidaregåande skular, og ikkje byggje Bjarkøy-sambanda. Eitt nytt fylkesråd, leia av Line Fusdahl frå Høgre og med Prestbakmo som nestleiar tok over og la vekk dei nemnde framlegga. Etter fylkestingsvalet i 2015 danna Senterpartiet eit nytt fylkesråd i lag med Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti, med Cecilie Myrseth frå Arbeidarpartiet som fylkesrådsleiar. Prestbakmo heldt fram som fylkesråd og nestleiar.

1. januar 2020 byrja Prestbakmo i stillinga som fylkesordførar i det nye Troms og Finnmark fylke. Gjennom stortingsvalet 2021 vart han fyrste vararepresentant til Stortinget frå Troms. Ettersom den valde representanten Sandra Borch fekk plass i Støre-regjeringa, rykte Prestbakmo inn på Stortinget. Han er medlem i Justiskomiteen.

Prestbakmo er frå 2016 medlem av hovudstyre i KS, som ein av tre frå Senterpartiet. Sidan 2017 er han medlem i Senterpartiet sitt sentralstyre.

Kjelder endre