Skeise-VM 1952 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1952 for menn vart avvikla på Hamar stadion laurdag 1. og sundag 2. mars 1952. 30 utøvarar frå 10 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå arrangørlandet Noreg.

Norske Hjalmar Andersen vart verdsmeister for tredje året i rad. På dei neste plassane kom finlendaren Lassi Parkkinen og norske Ivar Martinsen. Hjallis Andersen var suverent best både på 5 000 meter og 10 000 m. Ken Henry frå USA vann 500-meteren og Wim van der Voort frå Nederland gjekk fortast på 1500 m.

Skeise-VM 1952Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Hjalmar Andersen   Noreg 193,722
  Lassi Parkkinen   Finland 195,948
  Ivar Martinsen   Noreg 196,518
4 Kees Broekman   Nederland 197,148
5 Roald Aas   Noreg 197,603
6 Kornél Pajor   Ungarn 197,623
7 Anton Huiskes   Nederland 198,135
8 Carl-Erik Asplund   Sverige 198,905
9 Sigge Ericsson   Sverige 199,630
10 Kazuhiko Sugawara   Japan 199,925
11 Sverre Haugli   Noreg 200,383

Dato: 1./2. mars 1952

KjelderEndra