Ivar Martin Myklebust (28. september 189224. november 1966) var ein norsk aktuar, historikar og bygdebokforfattar frå Ørsta på Sunnmøre.

Ivar Myklebust
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1892
Død

24. november 1966 (74 år)

Yrke aktuar, historikar, forfattar

Bakgrunn endre

Foreldra hans var Paul Sevrin Myklebust (1859-1934) og Sevrine Marie Arnesdatter (f.Vatne) (1862-1941). Faren starta Ørsten Uldspinderi[1] ved Rysteelva i Hovdebygda i 1890. Verksemda vart seinare til Ørsta Aktie-Ullvarefabrikk og seinare Møre Ullvarefabrikk. Mellom bygdefolket vart han kalla «Spinneri-Pål». Han hadde dampskipsekspedisjon og var postopnar ved Rysten postopneri[2].

Ivar Myklebust hadde oppveksten sin i Rystene i Hovdebygda. Han byrja på middelskulen i Volda og tok eksamen som privatist i Molde i 1909. Seinare byrja han på gymnaset i Volda, der han fann vener som Olav Riste (1884–1967)[3] og Olav Kårstad. I 1911 reiste han til Molde for å gå på gymnaset der og han tok til sist eksamen på reallina i Trondheim i 1913. Etter gymnaset fekk han sitt første arbeid som matematisk assistent i livsforsikringsselskapet Hygea i Bergen. Samstundes fylgde han med på forelesingar i matematikk og forsikringsteori på Universitetet. Han var med i student-venstrelaget, varaformann i realistforeninga og aktiv debattant i Studentersamfunnet.

Virke endre

Frå våren 1916 vart han gjennom fleire år tilsett som polisesjef, matematikar og aktuar i ymse forsikringsselskap (Gjensidige, Norske Forenede Livsforsikringsselskap, Andvake). I 1922 vart han leiar for «felleskontoret for utanlandsforsikring» og i dei neste åra hadde han fleire opphald i utlandet, m.a. for å studerte forsikringsteknikk. Han tok også del i aktuarkongressar både i USA og i Europa. Han hadde elles ei rekke oppdrag om trygdingsspørsmål for innanlandske selskap og organisasjonar.

Bygdebokforfattar endre

Alt frå 1924 hadde han forska på berekningar av folkeauken i Noreg på 1500-1600 talet, og gjennom fleire artiklar kom han med kritiske kommentarar til m.a. professor Ernst Sars sine berekningar. Gjennom dette arbeidet samla han inn eit rikt tilfang av opplysningar om gardane i Ørsta, og etter kvart vart materialet så stort han tykte at han like godt kunne samle det i ei gardssoge for Ørsta (gamle Ørsta kommune). Bygdeboka Ørsta kom ut i 1933 og var då den første bygdesoga på Sunnmøre, etter Hans Strøms vidgjetne Beskrivelse over Fogderiet Søndmør frå 1762-1766, og ei av dei første bygdebøkene i Noreg. Boka fekk mykje positiv omtale, både frå regionalt og nasjonalt hald, og det er ikkje tvil om at ho vart eit førebilete for innhald og utforming av ei bygdesoge.

Forsking og lagsarbeid endre

Ved sidan av arbeidet som aktuar, var Ivar Myklebust i alle år engasjert med eit eller anna forskingsprosjekt og han arbeidde aktivt i fleire kommunale og regionale lag og organisasjonar. Her kan nemnast desse omboda:

Tidleg i 1960-åra var det han som fann gamle arkivopplysningar om Akerendam-forliset i 1725[4], noko som til sist førte til at vraket vart funne ved Runde på Sunnmøre og den såkalla «Rundeskatten» vart henta opp i juli 1972. Men framom alt hadde han tankar om å skrive eit framhald av bygdesoga, ei kultursoge for Ørsta, og gjennom åra la han ned mykje arbeid med å samle inn opplysningar. Han fekk ikkje tid og helse til å fullføre det arbeidet, men etter at han døydde tok bygdeboknemnda for Ørsta initiativ til å få trykt ei bok, basert på etterlatne manuskript og notatar. Manuskriptet hadde Ivar Myklebust sjølv kalla Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen, og med mindre redigeringar og ei innleiing av Ivar Grøvik, kom boka ut i 1973.

Heime i Ørsta endre

Etter 1932 hadde Ivar Myklebust heim og hus i Ørsta. I periodar var han framleis på oppdrag andre stader i samband med sin aktuarpraksis, men dei siste åra skranta helsa og det vart mindre reising. Ivar Myklebust døydde 24. november 1966, 74 år gamal, og vart gravlagd frå Ørsta Frikyrkje. Om han vart det sagt at han var ein personlegdom, ein vidsynt og jordnær granskar.

Bibliografi endre

  • Ørsta (bygdebok for Ørsta), I kommisjon hjå Cammermeyers boghandel, 1933.
  • Historisk Tidsskrift bind 37 (1954-56) s.347-365 - Svartedauden. Pestår og reproduksjon
  • Heimen XII (1961-63) s.353-357 - Kan skattelistene frå tida kring 1520 nyttast til utrekning av tal av brukarar?
  • Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen, Rune Forlag, Trondheim 1973.

Kjelder endre

  1. Frå Kulturminneatlasen Arkivert 2016-01-27 ved Wayback Machine. om Ørsten Uldspinderi, Hovdebygda
  2. Rysten postopneri Hovdebygda
  3. lokalhistoriewiki Rektor Olav Riste
  4. Nasjonalbiblioteket Akerendam og Rundeskatten
Litteratur
  • Lokal historie i forsking og kulturarbeid gjennom 200 år - artikkel av Randi Bjørvik (s.90) Universitetsforlaget 1970
  • Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen - Innleiing av Ivar Grøvik, 1973
  • Ørstingar II av Bjørn Jonson Dale, Ørsta kommune 1999