Ivar Sælen
Ivar Bergesson Sælen (19. november 1855–24. november 1923) var ein gardbrukar og politikar for Høgre.
Ivar Sælen | |
![]() | |
Fødd | 19. november 1855 Lindås kommune |
---|---|
Død | 24. november 1923 (68 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, bonde |
Verv | Norsk kyrkjeminister 30. mai 1923–23. november 1923 |
Etterfylgjar | Karl Sanne |
Verv | Norsk kyrkjeminister 6. mars 1923–30. mai 1923 |
Føregangar | Martin Olsen Nalum |
Verv | Stortingsrepresentant 1900–1903, 1904–1906, 1910–1912 (suppleant) |
Verv | Ordførar i Fana 1907–1910, 1913–1916 |
Alle verv |
|
Sælen var fødd i Lindås, faren var gardbrukar og byggmeister. I 1863 flytta familien til garden Sælen i Birkeland sokn i Fana. Ivar Sælen var elev ved Sogndals folkehøgskule vinteren 1874-75. Frå 1877 var han gardbrukar på Sælen.
Han var i mange år medlem av heradsstyret i Fana, nokre år også ordførar.
Sælen var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt 1900-06, og var 1. vararepresentant for krinsen Midhordland 1910-12. Frå 1900 var han medlem av budsjettkomiteen, deretter frå 1903 medlem av justiskomiteen. Atter medlem av justiskomiteen i perioden 11.2.1910-19.2.1912, då han møtte i staden for Wollert Konow (SB).
Sælen var kyrkje- og undervisningsminister frå 6. mars 1923 til han hausten same året døydde i Kristiania.
I 1979 vart det reist ei byste av Sælen i Fyllingsdalen, forma av Nils Aas.
Bakgrunnsstoff Endra
- Biografisk informasjon om Ivar Sælen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Fra Fyllingsdalen til Stortinget Arkivert 2015-04-03 ved Wayback Machine.