Ja, vi elsker dette landet
«Ja, vi elsker dette landet» er nasjonalsongen til Noreg. Han vart dikta av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859 og tonesett av fetteren hans, Rikard Nordraak.

SogeEndra
Den fyrste versjonen av teksten skreiv Bjørnson under ei vitjing hjå Michael Krohn i heimen hans på Wernersholm i Bergen i 1859. Denne versjonen vart trykt i Aftenbladet 1. oktober same året. Den endelege versjonen som har åtte strofer, vart trykt i Bjørnsons Digte og sange frå 1870. Musikken er av Rikard Nordraak som 21 år gamal skreiv ein mannskorsong. Denne vart framførd offentleg fyrste gongen på Eidsvoll i 1864 av 24 mannssongarar (12 frå Den norske Studentersangforening, 8 frå Handelsstandens Sangforening og 4 frå Kristiania Haandverker Sangforening) i høve 50-års-jubileet for grunnlova. Seinare same dag vart songen framførd i Kristiania, frå «Aulatrappa», hovudtrappa framfor Universitetet i sentrum. Eit mannskor på vel 200 songarar gledde ved dette høvet fleire tusen tilhøyrarar. Med det var tradisjonen med korsong frå Aulatrappa på 17. mai innleidd.
«Ja, vi elsker» vart umåteleg populær, og utkonkurrerte med eitt slag Bjerregaards «Sønner av Norge» som nasjonalsong.
Oftast syng ein den fyrste og dei to siste strofene. Men somme stader er det god tradisjon å syngje alle åtte.
Songen er blitt kalla ei «identitetsskapande historiebok i miniatyr»:
- Med sitt fedrelandsdikt har Bjørnson skapt en fortelling om hva som kan bidra til å utvikle nasjonens identitet og styrke innbyggernes fedrelandssinn. Forbilder finnes selvsagt i andre nordiske nasjonalsanger, men «Ja, vi elsker» skiller seg ut gjennom sine pregnante bilder, sitt enkle ordvalg og sin dempete karakter, uten selvros. På mange måter er sangen en historiebok i miniatyr: De tre første strofene uttrykker kjærlighet til land og folk og minner om hvordan historiens konger og hærførere, og like ens menige kvinner og menn i bygd og by har beskyttet sitt fedreland. Ikke bare heltene er i fokus,
- men like mye, eller mer, de mange fra de «tusen hjem».[1]
TekstEndra
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson, Melodi: Rikard Nordraak
1. Ja, vi elsker dette landet, 2. 3. 4. |
5. 6. 7. 8. |
KjelderEndra
FotnotarEndra
- ↑ sjå Bjørnson 2010: http://www.nb.no/bjornson/bjoernsons-beste/maanedens-sang/mai-ja-vi-elsker-dette-landet
- ↑ Teksten er attgjeven etter Bjørnstjerne Bjørnson: Samlede værker, standardutgåve ved Francis Bull b. VIII, s. 212-214
BakgrunnsstoffEndra
Ja, vi elsker dette landet på Wikikilden (frie originaltekstar) |
- Lytt til nasjonalsangen hjå national-anthems.net
- «Ja vi elskar Ja vi elsker» (Klassekampen)
- http://www.youtube.com/watch?v=B4RktQxbZkQ – sunge a cappella av Det Norske Solistkor i Oslo rådhus
- http://www.youtube.com/watch?v=LUtiIMZIVOU
Litteratur
- Jon Gunnar Jørgensen, Anne Jorunn Kydland Lysdahl og Vigdis Ystad 2002: Historien om Ja, vil elsker