Jackie Blue
Singel av The Ozark Mountain Daredevils
frå albumet It'll Shine When It Shines
B-side

Better Days

Utgjeve Februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 4:10 (album)
3:16 (singel)
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Steve Cash/Larry Lee
Produsent Glyn Johns
David Anderle
The Ozark Mountain Daredevils-kronologi 
«Look Away»
(1974)
Jackie Blue «If I Only Knew»
(1976)


«Jackie Blue» er ein song av The Ozark Mountain Daredevils for det andre albumet deira, It'll Shine When It Shines frå 1974. Han kom ut på singel i februar 1975 som ein oppfølgjar til den mislykka førstesingelen frå albumet, «Look Away». «Jackie Blue» vart den andre og siste hitten deira etter debutsingelen «If You Wanna Get to Heaven» som nådde 25. plassen på Billboard Hot 100 i 1973. «Jackie Blue» klatra heilt til tredjeplassen, og låg ei veke på toppen av Cashbox-lista i mai 1975. Songen nådde òg andreplassen i canada, niandeplassen i New Zealand, tiandeplassen i Sør-Afrika og 27. plassen i Australia.[1]

Songen vart henta inn til innspelinga av det andre albumet deira av trommeslagaren Larry Lee. Han skreiv songen om ein ven av seg som selde dop. Produsenten Glyn Johns likte songen, men fekk overtydd Lee om å skrive om teksten til å handle om ei frisinna, einsleg kvinne i staden.[2]

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1975) Plassering
Australia Kent Music Report [3] 27
Canada RPM Top Singles 2
New Zealand 9
Sør-Afrika 10
U.S. Billboard Hot 100 [4] 3
U.S. Cash Box Top 100[5] 1

Årslister endre

Liste (1975) Passering
Canada[6] 40
New Zealand[7] 37
U.S. Billboard Hot 100[8] 29
U.S. Cash Box[9] 27

Andre versjonar endre

  • Songen vart spelt inn av The Smashing Pumpkins i 1991 under innspelinga av Gish, og sidan gjeven ut på samleplata 20 Explosive Dynamic Super Smash Hit Explosions!. Denne kom òg seinare ut som bonusspor på Pisces Iscariot i 2012.[10]
  • Ray Conniff spelte inn songen i 1975 for albumet Another Somebody Did Somebody Wrong Song.
  • AM & Shawn Lee spelte inn ein versjon av «Jackie Blue» i 2011 på albumet Celestial Electric.[11]

Kjelder endre

  1. Brian Currin. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Acts (O)». Rock.co.za. Henta 19. desember 2020. 
  2. Supe Granda, Michael (2008). It Shined: the saga of the Ozark Mountain Daredevils. Bloomington IN: Authorhouse. ISBN 978-1-4343-9165-0. 
  3. «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 19. desember 2020. 
  4. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  5. «Cash Box Top 100 5/17/75». Tropicalglen.com. 17. mai 1975. Arkivert frå originalen 22. oktober 2016. Henta 19. desember 2020. 
  6. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 
  7. «Top Selling Singles of 1975 | The Official New Zealand Music Chart». Nztop40.co.nz. 31. desember 1975. Henta 19. desember 2020. 
  8. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. Henta 19. desember 2020. 
  9. «Cash Box YE Pop Singles - 1975». Tropicalglen.com. 27. desember 1975. Arkivert frå originalen 22. oktober 2016. Henta 19. desember 2020. 
  10. «The Smashing Pumpkins—Pisces Iscariot». Discogs. Henta 31. juli 2018. 
  11. Graves, Jen (3. august 2011). «Summer Breeze: Celestial Electric - Line Out - The Stranger». Lineout.thestranger.com. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 19. desember 2020.