The Ozark Mountain Daredevils

The Ozark Mountain Daredevils er eit USA-amerikansk southern rock/countryrock-bandet i 1972 i Springfield i Missouri i USA. Dei er mest kjend for singlane «If You Wanna Get to Heaven» i 1974 og «Jackie Blue» i 1975.

The Ozark Mountain Daredevils
Ozark Mountain Daredevils 1975.JPG
Bandet i 1975. Frå venstre: Buddy Brayfield, John Dillon, Larry Lee, Mike 'Supe' Granda, Randle Chowning, Steve Cash.
OpphavSpringfield, Missouri
AktivSidan 1972
SjangerSouthern rock, countryrock
PlateselskapA&M
Medlemmer
  • John Dillon
    • Mike 'Supe' Granda
    • Bill Jones
    • Ruell Chappell
    • Ron Gremp
    • Dave Painter
    • Kelly Brown
    • Nick Sibley
    • Molly Healey
Tidlegare medlemmer
  • Buddy Brayfield
  • Steve Cash
  • Randle Chowning
  • Larry Lee
  • Steve Canaday
  • Rune Walle
  • Jerry Mills
  • Larry Van Fleet
  • Terry Wilson
  • Bobby Lloyd Hicks
  • Joe Terry
  • Gary Smith
  • Jason Le Masters
  • Don Clinton Thompson
  • Rick 'Lumpy' Davidson
  • Bill Brown
  • Steve Atchley

Bassisten Michael «Supe» Granda har skrive ei bok om bandet kalla It Shined.

NamnEndra

I følgje boka It Shined av Michael Granda kom bandnamnet frå «Cosmic Corn Cob & His Amazing Ozark Mountain Daredevils», eit namn som John Dillon kom opp med på ein «namnefest» i Kansas City etter at bandet vart fortalt at namnet dei først hadde nytta, «Family Tree», alt var teken. Bandet korta ned namnet fordi ingen av bandmedlemmane ønskte å bli kalla «Cosmic Corn Cob», og dei ønskte ikkje å ha eit namn som likna på Amazing Rhythm Aces. Bandet vert stundom av fansen berre kalla «The Ducks».

StartenEndra

I 1971 skipa Randle Chowning eit band i lag med Steve Cash, John Dillon, Elizabeth Anderson, Larry Lee og Michael Granda.

Bandet spelte inn ein demo i Top Talent Studios i Springfield (som kort tid etter fekk namnet American Artists) og demoen, med tidlege songar som «Rhythm of Joy», hamna hos musikksjefen John Hammond i New York via ein ven av bandet, Steve Canaday, som var medeigar i New Bijou Theater. I juli 1972 sende Hammond ein produsent, Michael Sunday, til Ruedi-Valley Ranch i Aldrich i Missouri, der bandet leigde eit hus. Sunday tilbaud dei 500 dollar for å lage ein demo til i American Artists, men enda til slutt opp med å ikkje gje dei kontrakt. Mange av songane på demoen kom ut 13 år seinare på plata The Lost Cabin Sessions.[1]

Bandet sende seinare eit lydband til managerane til Brewer & Shipley, Paul Peterson og Stan. Dei gav bandet ein sjanse og vart managerane deira òg i oktober 1972. Bandet endra namn til The Ozark Mountain Daredevils og Campanelli og Jones slutta, medan Buddy Brayfield kom inn som pianist. Anderson, som framleis var kjæraste med Dillion, slutta òg i bandet. Campanelli slutta for å studere musikk. Jones kom seinare inn att i The Daredevils for ei kort stund seinare og var så sidan gjesteartist på mange av konsertane deira og somme av plateinnspelingane.[1]

1970-åra med A&MEndra

Demolydbandet deira fanga etter kvart merksemda til A&M Records-produsenten David Anderle, som såg seg om etter eit Eagles-aktig countryrockband for selskapet. Anderle og den første produsenten til Eagles, Glyn Johns, flydde til Missouri for å sjå dei spele i Cowtown Ballroom den 10. mars 1973. Men bandet var nervøse med Johns og Anderle i publikum og spelte ikkje sitt beste. Seinare inviterte Paul Peterson dei to mennene heim til seg for å høyre bandet spele akustisk. Anderle og Johns vart overtydde og signerte dei for A&M den 1. mai 1973, og vart send til England i juni og juli for å spele inn den første plata si i Olympic Studios i London med Johns som produsent.[1]

Den første plata, The Ozark Mountain Daredevils (òg kalla «The Quilt Album»), kom ut i desember 1973 og fekk ein topp 30-hit med «If You Wanna Get to Heaven» sommaren 1974. Albumet introduserte den unike blandinga deira av rock, country, bluegrass og pop og vert framleis rekna som eit av favorittalbuma deira blant fansen.[1]

For det andre albumet, It'll Shine When It Shines (oktober 1974) kom Johns og Anderle til Missouri for å spele inn albumet med eit mobilt platestudio utafor øvingslokalet deira. Under innspelinga overhøyrde Johns pianospelinga og songen til Larry Lee om ein mystisk ven av seg som stundom selde dop på sida. Johns elska melodien og meinte at songen kunne bli ein hit om dei berre endra teksten litt til å handle om ei jente og tone ned dopreferansane. Lee og Cash gjorde som Johns føreslo og songen, «Jackie Blue», vart signaturlåten til The Daredevils og ein stor hit. Songen nådde tredjeplassen på Billboard-lista våren 1975.[1]

Det tredje albumet til The Ozark, The Car Over the Lake Album (september 1975) vart spelt inn i Nashville, og produsert av Anderle aleine. Dei fekk med seg det tidlegare bandmedlemmet Bill Jones, som spelte og arrangerte songane deira. Han turnerte òg med dei i 1975-1976. Albumet selde ganske godt, men gav dei ingen hittar. Ei av årsakene til at bandet ikkje gjorde det betre kan ha kome av dei var motvillige til å flytta til Sør-California etter forslag frå A&M-sjefen Jerry Moss. Ei anna årsak var at dei ikkje ønskte å turnere så mykje som mange av kollegaene deira gjorde. Dei ønskte heller ikkje å skape ein ny hit i same stil som «Jackie Blue» eller kopiere det andre grupper gjorde på denne tida. A&M mista derfor etter kvart noko av entusiasmen for gruppa.[1]

Endringar i besetninga gjorde òg at kjemien i gruppa byrja å endre seg. våren 1976 la bandet ut på ein turné i Europa. Då dei utslitne skulle spsle den siste konserten i København i Danmark var lyden særs dårleg. Ein sint Randle Chowning skrudde derfor opp forsterkaren sinn så høgt at dei andre i bandet vart misnøgde. Det heile enda i ein stor krangel. Då dei kom heim nekta Chowning å snakke med dei andre eller svare på telefonane deira.[1] Nordmannen Rune Walle, som bandet hadde møtt då dei spelte i Europa med bandet hans Flying Norwegians, vart så kontakta i juni for å erstatte han. Den første konserten til Walle med gruppa var i Arrowhead Stadium i Kansas City den 23. juli 1976, same kveld som The Beach Boys, The Doobie Brothers, Jeff Beck og Firefall spelte. Chowning skipa sitt eige band, Randle Chowning Band[1]

Same året drog The Daredevils vestover til Rocky Mountains og Caribou Ranch nær Nederland i Colorado, for å spele inn det fjerde albumet sitt, som opphavleg hadde tittelen Nuclear Fishin'. Tittelen vart endra til Men From Earth etter at A&M protesterte. Tittelen Nuclear Fishin' vart sidan nytta i Canada på eit samlealbum med bandet. Anderle var nok ein gong produsent og Jerry Mills kom inn i bandet på mandolin og arbeidde òg som publisist for bandet. Eit anna tidlegare medlem, Steve Canaday, kom òg inn att i gruppa i 1975 som turnémanager og oppvarmingsartist, før han kom inn i bandet under innspelinga av Men From Earth. [1]

Hausten 1976 slutta Buddy Brayfield for å studere medisin og Ruell Chappell (vokal, klaverinstrument) frå bandet Spillwater Junction kom inn i staden. Men dei neste albuma deira, Men From Earth (september 1976), Don't Look Down (oktober 1977, produsert av David Kershenbaum på Caribou Ranch) og It's Alive (september 1978), selde mindre enn dei tidlegare platene deira hadde gjort. Jerry Mills vart droppa frå bandet etter It's Alive, sidan bandet spelte færre akustiske songar på konsertane sine på den tida.[1]

Sommaren 1978 varma The Daredevils opp for Fleetwood Mac på enkelte konsertar. Granda var ikkje med på desse konsertane då han var heime for å hjelpe kona med ein fødsel, så bassisten Larry Van Fleet frå Randle Chowning Band kom inn som vikar.

I 1978 medverka John Dillon og Steve Cash på albumet White Mansions, som dokumenterte livet i Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen. Waylon Jennings, Eric Clapton, Jessi Colter, Bernie Leadon og fleire andre musikarar deltok òg på denne plata.

I 1978 spelte Larry Lee inn eit soloalbum for A&M, som ikkje vart gjeve ut.[1]

I september 1978 spelte gruppa på TV-showet The Midnight Special. Då A&M-sjefen Jerry Moss såg dei fulle bandmedlemmane rase gjennom songane dei skulle spele, valte han å drope dei frå selskapet og i 1979 var The Ozarks utan platekontrakt.[1]

1980-åraEndra

I 1979 flytta gruppa over til Columbia Records og gav ut det sjølvoppkalla Ozark Mountain Daredevils i mai 1980. Dette albumet vart spelt inn i Los Angeles og produsert av John Boylan utan Chappell og Canaday. Walle bidrog berre med slidegitar på eit par songar, sidan Boylan insisterte på å bruke studiomusikarar for å få ein meir typisk «tilbakelendt California-countryrock-stil», som var populær på den tida. Countryrocken var derimot på ei dalande kurve i starten av 1980-åra og grupper som The Ozarks, Poco og Firefall såg salstala sine droppe. På dette albumet gjekk albumet bort frå country mot ein hardare rockestil. Men det var ikkje mange som kjøpte plata og Columbia droppa gruppa etter berre eitt album.[1]

I 1980 slutta Walle i The Daredevils og vart erstatta av Terry Wilson (som hadde spelt med Granda i eit sideprosjekt kalla The Dog People).[1]

Larry Lee slutta i bandet og flytta til Nashville for å satse på ein solokarriere, etter å ha gjeve ut soloalbumet Marooned i mars same året. Han arbeidde òg som låtskrivar og produsent for (for Alabama, Juice Newton og andre) og spelte stundom trommer med andre artistar. I midten av 1980-åra spelte han òg ei kort stund med Jimmy Buffett sitt Coral Reefer Band. Chappell slutta òg i 1982, og gruppa vart ein kvintett.[1]

Seinare same året valte i tillegg Dillon og Cash å slutte i gruppa. Etter å ha tenkt seg om valte gruppa å halde fram med Granada og hente inn att Randle Chowning i ei besetning som då bestod av Bobby 'Lloyd' Hicks (vokal, trommer, perkusjon, eks-Steve Forbert), Joe Terry (vokal, klaverinstrument frå gruppa The Couch Dancers) og gitaristen Gary Smith. Canaday vart verande og vart igjen turnémanageren deira.[1]

Den nye gruppa varte berre eitt og eitt halvt år før Chowning slutta, og Hicks tok ein jobb med Kerry Cole & The Lefty Brothers, medan Joe Terry vart med i bandet The Morells. På dette tidspunktet valte Dillon og Cash å kome attende i bandet, og Gary Smith vart verande eit par månader fø rhnr han flytta til Branson i Missouri. Så i midten av 1984 var besetninga i Ozarks: John Dillon, Steve Cash, 'Supe' Granda, Steve Canaday og Jason LeMasters (gitar). LeMasters slutta kort tid etter for å spele med Kris Kristofferson og vart erstatta av Chowning, som var attende for tredje gongen.[1]

I 1984 la manageren deira, Stan Plesser og Paul Peterson, med føretaket sitt, Good Karma Productions, og bandet byrja å styre seg sjølv.

I 1985 følgde bandet songaren og trommeslagaren Larry Lee til Nashville for å spele inn eit nytt album produsert av Wendy Waldman, som vart spelt inn med studiomusikarar. Lee kom inn i bandet for ein kort periode for dette albumet, men det var ikkje noko interesse for albumet frå nokon av selskapa i Nashville. Eit lite fransk selskap, Dixiefrog Records, tok til slutt opp plata og gav det ut i Frankrike som Heart of the Country i 1987. Mange av dei same songane kom ut i England i 1989 som Modern History på selskapet Conifer.[1]

I mellomtida heldt The Daredevils fram med Morells-gitaristen Don Clinton Thompson i 1985 etter at Chowning nok ein gong slutta.

I 1985 kom det ut eit samlealbum med tidlege demoinnspelingar på Varèse Sarabande Records som The Lost Cabin Sessions. Ei utvida utgåve av denne plata kom seinare ut på CD.[1]

Det var fleire besetningsendringar då Canaday, som hadde vore manager for gruppa og spelt trommer, hamna i ekteskapsproblem og klussa til nokre av forretningane til gruppa, og valte å slutte i gruppa for å flytte til Nashville i 1988 fo rå arbeide som turnémanager for Lee Roy Parnell, Tammy Wynette og Marshall Chapman.[1]

Mot slutten av 1989 slutta Thompson for å skipe det gamle bandet sitt, The Skeletons, og Davidson flytta til Branson for å ta jobb som lydmiksar i teateret til Ray Stevens. I 1990 kom gitaristen Bill Brown (frå sidebandet til Supe, Supe & the Sandwiches) og Morells-trommeslagaren Ron 'Rongo' Gremp inn i bandet.[1]

1990-åraEndra

I 1990 kom albumet Now Hear This! ut, men berre på kassett.[1]

I 1991 valte Granda, som Lee og Canaday før han, å slå seg ned i Nashville der han prøvde å få plateavtale for sidesprosjektet sitt, Supe & the Sandwiches, og vart involvert i andreprosjekt, mellom anna ein periode som bassist for Michael Clarke sitt The Byrds.

Kelly O'Shea frå The Titanic Blues Band var stundom vikar for Brown på sologitar frå 1992 til 1994.

I 1996 vart The Ozarks kontakta av den tidlegare manageren deira, Stan Plesser, for å spele inn att somme av dei mest kjende songane deira på nytt for eit selskap kalla Eclipse Records. Dette vart gjort i Nashville med produsenten Bob Wright med berre Dillon, Cash og Granda (Larry Lee og Steve Canaday var gjest på korvokal), medan resten vart framført av studiomusikarar. Plata fekk namnet Jackie Blue og kom ut i mars 1997 som eit budsjettprosjekt som hovudsakleg vart seld på rasteplassar.[1] Plata har sidan kome ut fleire gonger på ny under forskjellige titlar, mellom andre Our Most Dangerous Stunts i juni 2006.

New Era Productions gjekk med på å betale for eit nytt album med nye songar i 1996 kalla 13. Denne vart spelt inn i heimebyen deira Springfield og miksa av Larry Lee, hovudsakleg i Nashville. Lee var òg med og song og spelte på albumet, og det same gjorde Chowning, men då bandet ikkje klarte å sikre seg ein større platekontrakt, fekk han seg sjølv fjerna frå innspelinga. 13 kom ut i juni 1997. Same året kom Archive Alive, som var eit konsertopptak frå mars 1973 i Cowtown Ballroom i Kansas City og Kiel Opera House i St Louis.[1]

Den 25. september 1999 mista Steve Canaday livet, 55 år gammal, då det vesle flyet han flydde i styrta i Nashville, medan han arbeidde som flyfotograf.[2][1]

2000-åraEndra

23. juli 2004 døydde gitaristen Bill Brown av røykskadar etter ein husbrann i Springfield, som òg tok livet av ein annan populær gitarist frå Springfield, Don Shipps (frå Supe & the Sandwiches, The Titanic Blues Band og tidlegare Granny's Bathwater). 16. oktober same året spelte gruppa og fleire andre band frå Springfield ein minnekonsert for Brown og familien hans.[1]

Sidan den gongen har bandet delvis trekt seg attende, men har som regel spelt nokre konsertar kvart år.

I seinare år har det kome ut fleire konsertalbum og arkivopptak, og tidleg i 2018 annonserte bandet at dei gav ut eit nytt, sjølvfinansiert album, Off the Beaten Path.

MedlemmarEndra

(Opphavlege medlemmar er utheva)

Noverande medlemmarEndra

Tidlegare medlemmarEndra

  • Buddy Brayfield - vokal, blåseinstrument, klaverinstrument, perkusjon
  • Steve Cash - vokal, munnspel, perkusjon, klaverinstrument (1946-2019)
  • Randle Chowning - vokal, elektrisk og akustisk gitar, steelgitar, munnspel, mandolin (f. 1950)
  • Larry Lee - vokal, trommer, akustisk gitar, klaverinstrument, synthesizer, perkusjon, sag (f. 1947)
  • Steve Canaday - vokal, trommer, perkusjon, gitar, bass (død)
  • Rune Walle - vokal, gitar, sitar, banjo
  • Jerry Mills - mandolin
  • Larry Van Fleet - bass
  • Terry Wilson - vokal, gitar
  • Bobby 'Lloyd' Hicks - vokal, trommer, perkusjon (død)
  • Joe Terry - vokal, klaverinstrument
  • Gary Smith - vokal, gitar
  • Jason Le Masters - gitar
  • Don Clinton Thompson - vokal, gitar
  • Rick 'Lumpy' Davidson - trommer, perkusjon, vaskebrett
  • Bill Brown - vokal, gitar (død)
  • Kelly O'Shea - gitar
  • Shorty Rogers - bass (død)

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

År Album USA AUS[3]
1973 The Ozark Mountain Daredevils 26 72
1974 It'll Shine When It Shines 19 73
1975 The Car Over the Lake Album 57 -
1976 Men from Earth 74 -
1977 Don't Look Down 132 87
1980 Ozark Mountain Daredevils 170 97
1997 13 -
2018 Off The Beaten Path -

KonsertalbumEndra

År Album USA AUS[3]
1978 It's Alive 176 84
1997 Archive Alive
1999 Concert Classics
2006 Rhythm And Joy
2008 Revival (Live at the Gillioz)
2011 Alive & Wild

SamlealbumEndra

År Album
1981 The Best
1987 Heart of the Country
1989 Modern History
1990 Now Hear This!
2000 Time Warp – The Very Best Of
2006 Our Most Dangerous Stunts

SinglarEndra

År Singel Listeplassering Album
USA
[4]
AUS[3] CAN
1974 «If You Wanna Get to Heaven» 25 23 The Ozark Mountain Daredevils
«Chicken Train Stomp»
«Country Girl»
«Look Away» 101 It'll Shine When It Shines
1975 «Jackie Blue» 3 27 2
«You Made It Right»
1976 «If I Only Knew» 65 74 The Car Over the Lake Album
«Thin Ice»
«Keep On Churnin»
1977 «You Know Like I Know» 74 62 Men From Earth
«Noah»
«Crazy Lovin'» Don't Look Down
1980 «Take You Tonight» 67 Ozark Mountain Daredevils
«Oh, Darlin'»

KjelderEndra

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 1,24 1,25 Granda, Michael Supe (2008). It Shined: The Saga of the Ozark Mountain Daredevils. AuthorHouse. ISBN 978-1-4343-9166-7. 
  2. «Steve Canaday». Brewerandshipley.com. Henta 113. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 227. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 675. ISBN 978-0-89820-188-8. 

BakgrunnsstoffEndra