Emanuel Meyer Mohn (15. februar 184226. april 1891) var ein norsk friluftsentusiast og skribent frå Bergen. Han vart kjend for sine artiklar om fjellvandring og hadde stor innverknad for framveksten av fjellturismen i Noreg. Henrik Mohn og Jacob Mohn var brørne hans.

Emanuel Mohn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1842
Bergen
Død

26. april 1891 (49 år)

Yrke fjellklatrer, illustratør
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Emanuel Mohn på Commons

Liv og gjerning endre

Emanuel Mohn var av kjøpmannsætt og dotterson til biskop Jacob Neumann. Sjølv reiste han i 1864 til Kristiania der han studerte filologi. I hovudstaden knytte han kontakt med Ernst Sars og Aasmund Olavsson Vinje og slutta seg til venstrerørsla.

Sommaren 1868 gjekk Mohn og ein studiekamerat tur frå Skjolden opp Fortundalen og Bergsdalen inn i Jotunheimen. Fjellnaturen gjorde sterkt inntrykk på Mohn, som over ein tiårsperiode nesten årvisst vende tilbake dit. Sommaren 1872 gjekk han opp Langskavlen og Skogadalsnåsi, gjennom Svartdalen og Gravdalen. Skildringa av turen kom same året på trykk i Den Norske Turistforening si årbok. I ein engasjert, overstrøymande stil formidla Mohn sine inntrykk, med flittig bruk av samanliknande bilete og allusjonar til gresk og norrøn mytologi.

 
Jervvasstinden

Mohn sine artiklar i Turistforeninga sine årbøker vekte oppsikt og gjorde at han fekk ry som Noregs fremste fjellsportsmann. Sjølv fekk han i 1874 augo opp for fjellklatring og kleiv Nordre Dyrhaugstind,Glittertinden og Nautgardstinden. På dampbåten tilbake til Bergen trefte han William Cecil Slingsby, ein rik britisk fjellklatrar. Den 8. juli 1876 møttest dei to i Kristiania, for der å reise nord til Jotunheimen. Ved Bygdin møtte dei bonden og fjellføraren Knut Lykken. Dei tre karane la då ut på ei ferd eineståande i norsk fjellsport, over fem dagar kleiv dei som dei aller fyrste til topps på både Torfinnstinden, Galdeberget, Urdanostinden, Nordre Urdanostind (Slingsbytind) og Jervvasstinden. Høgdepunktet kom då Slingsby den 21. juli klatra til topps på Skagstølstinden, ein tur der Mohn valde å snu i det som vart heitande Mohnsskardet. To år seinare la Mohn ut på sin siste lengre tur i Jotunheimen, i området sør for Gjende.

I 1869 var Mohn ferdig utdanna cand.mag. Han var så lærar fleire stader, fyrst i Bergen, deretter i Stavanger og så ved Gjertsens skole i Kristiania. Hausten 1889 søkte han avskjed frå Bergen katedralskole, grunna sjukdom. Stortinget løyvde han då vartpengar, på grunn av hans «fortjenester av turistvesenet».

Mohns siste leveår var prega av depresjon og ei stendig svakare helse. Truleg gjorde han i 1891 sjølvmord ved å drukne seg på ein båttur frå Bergen til Utne i Ullensvang.

Kjelder endre